Hopp til innhold

Nynorskelevane får betre karakter

Elevar i Hordaland gjer det betre enn landssnittet og flinkast er nynorskelevane.

Nynorsk

Opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune håpar resultata kan bidra til å auka rekrutteringa til nynorsk, og få fleire til å seia «ja til nynorsk».

Foto: Scanpix / SCANPIX

Standpunktkarakterar og karakterane frå årets eksamenar i dei vidaregåande skulane er klare. I Hordaland fylkeskommune er opplæringsdirektøren svært godt nøgd med resultata.

– Dette er ei positiv trend. Dei vidaregåande skulane i Hordaland ligg over landsgjennomsnittet eller på landssnittet, seier opplæringsdirektør Svein Heggheim.

I basisfaga norsk, både hovudmål og sidemål, engelsk og matte gjer hordalandselevane det betre enn landssnittet.

Karakterar i vidaregåande skule 2012

Fag

Snittet i Hordaland

Landssnittet

Norsk hovudmål

3.3

3.2

Norsk sidemål

3.2

3.1

Engelsk

3.7

3.5

Lett matematikk (1P)

2.8

2.6

Avansert matematikk (1T)

3.2

3.1

Nynorskelevane best i alle fag

I år har opplæringsdirektøren også merka seg ei ny trend, og det er at nynorskelevar gjer det betre enn bokmålselevar.

I standpunkt har nynorskelevar eit snitt for alle karakterar på 3,96, medan karaktersnittet for bokmålselevar er 3,90. Strykprosenten til standpunktkarakterane er også lågare. Medan 1,69 prosent av nynorskelevane stryk i standpunkt, er det 2,01 prosent av boksmålelevane som stryk.

Den same trenden gjer seg gjeldane i høve eksamenskarakterar og stryk på eksamen.

– Det må vera ei utfordring for bokmålselevane å prøva å tetta gapet, seier Heggheim.

LES OGSÅ:

– Meir bevisste til skrivemåten

Språkforskar Øystein Vangsnes trur det å læra nynorsk heime og bokmål ute i storsamfunnet kan gjera det lettare for nynorskelevar å læra. Han skal dei neste åra forska på om nynorskelevar faktisk har lettare for å læra enn andre .

Opplæringsdirektør Svein Heggheim er usikker på kvifor nynorskelevane gjer det klart betre i Hordaland.

– Det næraste eg kjem ei forklaring er nok at dei er meir bevisste på språkvalet sitt og dermed også har eit meir bevisst forhold til måten å skriva på, seier Heggheim.

I dag er det 24 prosent av elevane i den vidaregåande skulen i Hordaland som er nynorskelevar.

– Dette burde auka rekrutteringa til nynorsk, meiner opplæringsdirektøren.

Mindre fråvær

Opplæringsdirektøren er også godt nøgd med fråværsutviklinga til elevane i Hordaland.

– Me har ein nedgang på fire prosent dette skuleåret i forhold til i fjor. Årsaka er at det har vore meir vektlagt å registrera fråvær og setta i gang tiltak, seier Heggheim.