Hopp til innhold

Nynorsk nettbokhandel konkurs

Landets einaste nynorske nettbokhandel er historie. – Det er dumt å måtte legge ned ved inngangen til språkåret, seier medeigar Trond Økland i Florø.

Trond Økland

HAR HÅP: Trond Økland i Økland Invest har tru på nytt liv for landets einaste barnebokklubb på nynorsk, Blåmann, sjølv om bokdykk.no er konkurs. Bilete er teke i ein annan samanheng.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

Dåverande Fornyings- og administrasjonsminister, Heidi Grande Røys (SV) stod i november 2008 for den offisielle opninga av nettbokhandelen.

Vel fire år seinare blir det skiftesamling 10. april i Fjordane tingrett. 2,5 årsverk var tilknytt verksemda.

– Det er vemodig. Vi som står bak har brukt mykje energi og kapital på det, men kjenslemessig er nok medlemene i barneboklubben Blåmann dei største taparane, seier Trond Økland i Økland Invest.

– Tøff konkurranse

Musikkbutikkar, filmutleige og gode gamaldagse bokhandlar har måtte gi tapt i kampen mot internettbaserte konkurrentar. Etter å ha slite i mange år, med konkurstrussel også i 2009, er det slutt også for nettbokhandelen bokdykk.no.

Økland seier store utviklingskostnader har gjeve dei ei lånegjeld på eit par millionar kroner for selskapet der Det Norske Samlaget var inne som eigar på eit tidlegare tidspunkt. Han seier det er mange årsaker til at dei no må gå til skifteretten.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Nøkkeltal Bokdykk AS

 

2011

2010

2009

Driftsinntekter

2.594.000

3.166.000

2.675.000

Resultat før skatt

- 2.206.000

- 1.681.000

- 3.296.000

Egenkapital

- 2.370.000

- 898.000

- 818.000

– Det er tøff konkurranse på marknaden. Vi har ikkje nådd ut til marknaden og ikkje greidd å skilje oss godt nok ut frå dei andre, sjølv om vi har prøvd å ha ein kulturbokprofil, konstaterer Økland.

Ikkje nok volum

Økland innser at dei burde jobba endå tyngre mot nynorskmiljø, og mot det offentlege som såg språkleg verdi i ein nynorsk nettbokhandel.

– Vi har arbeidd veldig mykje med å knyte oss opp mot tyngre trafikkpartnarar som har ein kundemasse. Vi har jobba inn mot nynorske miljø og vi hadde suksess med å jobbe mot Noregs Mållag. Diverre fekk ikkje vi nok volum, seier Økland og held fram:

– Burde vere plass

– Du kan seie nynorskbrukarane er som andre bokkundar – dei shoppar litt overalt og vi fekk ikkje stor nok trufast kundegruppe.

– Men er det då plass for ein nynorsk nettbokhandel?

– Eg er litt usikker på det, men det burde vere. Den totale omsetninga i nynorskbokmarknaden er vel på over 100 millionar kroner.

Barnebokklubb

Avtroppande leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, tykkjer det er trist at Bokdykk.no, som har markert seg tydeleg med nynorsk profil, går over i historiebøkene.

Håvard Øvregård

LEIAR: Håvard Øvregård er avtroppande leiar i Noregs Mållag.

Foto: Kjartan Helleve

At barnebokklubben Blåmann også går med i konkursen, tykkjer han er mest trist. Dette var landets einaste nynorske barnebokklubb og hadde 1.500 medlemer.

– Der håpar eg det er nokon som tek tak. Eg er sjølv medlem i barnebokklubben og har gjeve det i dåpspresang. Eg veit det er mange som tykkjer at det er viktig å gje born bøker på nynorsk, seier Øvregård.

Betre nynorskbrukarar

– Kvifor er det så viktig?

– Fordi ungar skal bli trygge som nynorskbrukarar, både om ein har nynorsk som hovudmål eller sidemål, så er det viktig å møte nynorsk i så tidleg alder som mogeleg. Å lese på nynorsk, eller å bli lest til på nynorsk, gjer ungane betre i nynorsk, men gjer dei også til betre nynorskbrukarar.

– Blåmann barnebokklubb, og andre tiltak som gjer det lettare å møte og lese nynorsk, er tiltak som støttar opp under språkutviklinga i Norge generelt, legg Øvregård til.

Snusar på Blåmann

Sjølve nettsida til bokdykk.no vart stengd ned i desember. På nyåret innsåg Økland kva veg det gjekk. Innehavarane har så lenge det let seg gjere arbeide med å få inn ny kapital og nye krefter. Samstundes har faste kostnader rulla og gått.

– No hadde vi ikkje meir tid på oss, seier Økland og seier at også han håpar og trur på nytt liv i Blåmann.

– Slik at medlemene framleis kan få nynorske barnebøker. Slik eg har forstått det, så er det interessentar som vurderer Blåmann-delen no, men eg veit ikkje når den kan komme i drift att.