Hopp til innhold

Nymark støttar treningskompisen

Trond Nymark må delta i EM i friidrett utan treningskompisen. - Eg kan ikkje tru det er sant, seier han om dopinganklagane mot Tysse.

Trond Nymark støttar Erik Tysse

Trond Nymark (venstre) støttar den dopingtatte treningskompisen sin.

Foto: NRK / Scanpix

I dag kom det fram at kappgjengar Erik Tysse frå Os har testa positivt på CERA, eit såkalla tredjegenerasjons EPO eller bloddoping.

Prøven blei avlagt under eit stemne i italienske San Giovanni i mai.

LES MEIR HER: Erik Tysse tatt for doping

Tysse skulle eigentleg ha representert Norge i EM i friidrett i Barcelona 27. juli saman med treningskompisen Trond Nymark frå Bergen.

- Kan ikkje tru det

Då NRK Hordaland ringer Nymark har han akkuratt landa i Torrevieja og skal ut på sin første treningstur i det spanske klimaet. Han er lamslått over dopingssaka som har råka kameraten.

- Eg kunne ikkje tru det, og eg kan fortsatt ikkje tru det, seier Trond Nymark på spørsmål om korleis han reagerte då han fekk høyra om saka.

Tysse vil kjempa for å bli frifunnen

Under ein pressekonferanse i regi av Norges friidrettsforbund nekta ein gråtkvalt Tysse for å ha dopa seg i dag. Han meiner noko må ha gått gale under analyseringa av prøvane, og vil kjempa for å bli frifunnen.

Video Vil kjempe for å bli renvasket

Erik Tysse vil kjempa for å bli reinvaska. Her frå pressekonferansen i dag.

Trond Nymark støttar kompisen, og håpar han vil bli sett på som uskuldig til det motsette er bevist.

- Ingenting har tyda på noko slik

- Eg trena mykje med Tysse i vinter, og det var absolutt ingenting som tyda på noko slik som dette då, seier han til NRK Hordaland.

På spørsmål om doping er utbreitt i kappgang-miljøet, svarar Nymark humoristisk.

- Miljøet? I såfall må det jo vera meg, for miljøet er jo meg og Erik.