Hopp til innhold

Nyfødde får to etternamn, men morsnamnet taper framleis

Halvparten av alle nyfødde får begge forelda sine etternamn. Men i neste ledd forsvinn morsnamnet.

Marte Kirkebø og Nikolai Kirkebø Hundvebakke er på babysong.

ETTER MORFAR: Nikolai er kalla opp etter morfaren sin og fekk difor farsnamnet som etternamn.

Foto: Hedda Kurseth / NRK

Marte Kirkebø og sonen Nikolai Kirkebø Hundvebakke er på babysong.

I likskap med om lag 50 prosent av alle nyfødde har Nikolai fått namn frå begge foreldra sine. Dermed har han eitt mellomnamn og eitt etternamn.

– Vi vurderte aldri berre eitt av etternamna våre. Nikolai er kalla opp etter morfaren sin, og difor var det naturleg at faren sitt namn vart etternamnet, fortel mora.

For foreldra var det viktig at begge namna blei med vidare i den nye generasjonen.

– I min familie er det farsnamnet som har blitt ført vidare, men eg synest det var veldig fint at Nikolai fekk begge namna.

Underbemanning på norske fødeavdelinger

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 5 prosent av norske menn meiner borna bør få farsnamnet som mellomnamn og morsnamnet som etternamn. 7 prosent av norske kvinner meinte det same.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Morsnamnet er taparen

I år er det hundre år sidan vi fekk den første namnelova i Noreg. Frå sommaren 1923 skulle alle nyfødde ha eit fast etternamn frå faren.

Kvinna skulle ta mannen sitt namn ved ekteskapet, og menn fekk ikkje lov til å byte namn. Tidlegare var faste etternamn noko dei rikaste hadde, og dei fleste i Noreg hadde ikkje faste etternamn.

– På femtitalet var det rundt 5 prosent av barna som fekk mellomnamn og etternamn. I dag er det over 50 prosent, seier Ivar Utne, språkvitar og namnegranskar ved Universitet i Bergen.

Han fortel at det er faren sitt namn som ofte er det siste namnet. Med høg grad av likestilling i Noreg, synest han at utviklinga er overraskande.

Navneforsker Ivar Utne

Ivar Utne er litt overraska over utviklinga.

Foto: Marit Stensby / NRK

– Det er framleis slik at namnet til mor er taparen. Dersom ein har morsnamnet som mellomnamn, blir det gjerne sløyfa i fleire samanhengar.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (2003) viser at 5 prosent av norske menn meiner borna bør få farsnamnet som mellomnamn og morsnamnet som etternamn. 7 prosent av norske kvinner meinte det same.

– I dag er det truleg mellom fem og 10 prosent av borna, eller litt fleire, som får mora sitt etternamn til sist, legg Utne til.

Ingen dårleg feminist

Line Førre Grønstad har skrive doktorgrad om haldningar til etternamn. Det store fleirtalet av norske foreldre ynskjer at barnet deira skal ha namnet frå begge foreldra.

Om dei må velje, så er namnet til mannen viktigast, fortel ho.

Nokre av dei ho har prata med er brydde over at dei braut med ei forventing om likestilling.

– Det er ikkje slik at desse er dårlege feministar fordi dei vel meir tradisjonelt. Dei kan vere veldig opptatt av likestilling, men dei seier kanskje ikkje så mykje om det i samanheng med namnevalet på borna sine.

Line Førre Grønstad

Line Førre Grønstad forskar på haldningar til namneval.

Foto: Privat

Menn og kvinner har ulike utgangspunkt i ein diskusjon om namn i parforholdet, fortel ho.

– Kvinna har gjerne byrja å tenke på om dei vil endre namn eller ikkje, og kva namn barnet skal ha. Kvinner har allereie døra på gløtt, medan menn kanskje ikkje veit at det finst ei dør ein skal gjere noko med.

Alt var ikkje betre før

Grønstad fortel at mange tenker at det å ha farsnamnet som etternamn er ein lang tradisjon.

– Det er lett å gløyme at mannen sitt etternamn ikkje var så viktig før 1923. Før fekk barnet ofte faren sitt fornamn med dotter eller son bak, og gjerne namnet frå garden eller stadsnamnet dei kom ifrå. Dersom ein flytta til ein ny stad, bytte ein namn.

Les også: Disse navnene toppet listene for 2022

European Championships 2022, day 8, Athletics
European Championships 2022, day 8, Athletics

Sidan den gongen har namnelovene blitt endra fleire gongar.

– Alt var ikkje betre før, men mykje har skjedd på hundre år. Det viser at det er mogleg å tenke annleis framover.

Det ser ikkje Marte Kirkebø heller vekk ifrå.

– Om Nikolai ein dag får barn eller giftar seg, så kan det vere at namnet mitt forsvinn, men det får bli opp til han. På nestemann kan det vere vi bytar om på rekkefølga på namna, slik at det blir mitt etternamn.

Les også: Smørkuk, Hårfagre eller Hvalmage: Hva er ditt vikingkallenavn?

Humoristiske tegninger fra Kongerekka der Kolbeinn Smørkuk ligger i senga, Harald Hårfagre sitter med øksa.
Humoristiske tegninger fra Kongerekka der Kolbeinn Smørkuk ligger i senga, Harald Hårfagre sitter med øksa.