Hopp til innhold

Nye vitneavhøyr i utuktssaka i Nordfjord

Politiet håpar nye vitneavhøyr og videoopptak skal gje svar i saka der ei jente politimelde valdtekt og tre unge menn vart sikta for seksuell omgang med barn under 16.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi
Foto: Øystein Torheim / NRK

– Vi driv framleis med vitneavhøyr. Vi går gjennom videoopptaka og det vi har sikra oss frå Eid sentrum, seier lensmann i Eid, Webjørn Moa

Det var natt til søndag 19. juli ei jente på 15 år politimelde ei valdtekt. To menn på 19 år og ein på 17 år er sikta for seksuell omgang med mindreårig.

Politiet har sikra seg timevis med videoopptak frå den aktuelle natta, og brukar no dette materialet i samband med vitneavhøyra.

– Vi prøver gjennom desse videoopptaka å kunne stadfeste at det vi blir fortalt i avhøyra i saka er riktig, seier Moa.

Ventar på svar på «medisinske undersøkingar»

Dei tre sikta er alle heimehøyrande i Nordfjord, medan jenta har tilknyting til området, men ikkje kjem frå Sogn og Fjordane. Ifølgje Fjordenes Tidende gjenstår framleis ein del av dommaravhøyret av den fornærma 15-åringen.

I tillegg til video og vitneavhøyr, ventar politiet også på svar på prøvar.

– Vi ventar på ein del resultat av medisinske undersøkingar, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.

Vebjørn Moa

LENSMANN: Webjørn Moa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er svært vanskeleg å seie kva tid svara på prøvane kjem. Det er sommarferie både hjå Kripos og Folkehelseinstituttet. Eg kan nok ikkje gje noko svar på vegner av dei, seier Moa.

Mykje jobb igjen i etterforskinga

Moa seier mykje arbeid står att i etterforskinga, både av vitneavhøyr og gjennomgang av video.

– Det vil vi halde fram med denne veka og sikkert neste veke også. Det er svært vanskeleg å seie når saka kan gå til påtale. Det vil nok gå ei god stund til.

Likevel meiner han politiet byrjar å få eit godt bilete over kva som skjedde på Nordfjordeid natt til 19. juli.

– Vi meiner at vi har rimeleg bra oversikt over det som har skjedd, men vi er sjølvsagt framleis veldig interesserte dersom folk kan fortelje oss noko dei har sett eller høyrt i løpet av helga det skjedde.