Hopp til innhold

Kan eit av desse vera det nye fylkesvåpenet til Vestland?

Det nye storfylket har fått inn 667 forslag til nytt fylkesvåpen. Ivar Aasen, vestlandslefse og ein sau er blant dei meir utradisjonelle variantane.

Fylkesvåpen montasje

RIKT UTVAL: Alt frå profesjonelle grafikarar til barnehagebarn har levert forslag.

I mai lyste Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut konkurranse der dei bad om forslag til nytt fylkesvåpenet for det komande Vestland fylke.

No har fristen gått ut, og 667 forslag er komne inn.

– Det er heilt fantastisk. Me håpa på engasjementet, men dette har vore over all forventing, seier Per fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Morten Ekerhovd.

Fjord og fjell går att

Barneskuleklassar, pensjonistar og profesjonelle grafiske designarar er blant deltakarane. Mellom forslaga er eit stort utval av fargar, symbol, dyr, historie, mattradisjon og fartøy.

– Det er mange seriøse forslag og gode forslag. Dei plasserer seg innanfor to hovudgrupper: Historie og kultur, og landskap og natur. Det er eit ganske stort tematisk og grafisk spenn blant forslaga, men eg trur absolutt at vinnaren er blant desse.

Per Morten Ekerhovd med eit forslag til nytt fylkesvåpen

NØGD: Fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den store majoriteten av forslaga er konservativt forma ut, men farge- og motivkombinasjonane er mildt sagt varierte.

– Veldig mange tek opp fjord og fjell. Det finn me også igjen i Sogn og Fjordane sitt fylkesvåpen i dag, der ein har nytta abstrakt våpenmerke basert på landskapet. I Hordaland er det historie som har vore inspirasjon, så me er spente på kor me landar.

Mellom dei meir vågale forslaga er eit kvitt emblem med ein pakke vestlandslefser, eit portrett av nynorskens far, Ivar Aasen, kvilande på ein raud bakgrunn, og ein kvit sau på gul bakgrunn.

– Sauen var det første eg tenkte på

Sistnemnde forslag kjem frå André Habbestad, som er ein av to som har sauen på sitt forslag.

– Det finst knapt noko som representerer Vestlandet på ein betre måte enn sauen. Dessutan bur eg på Bømlo, og her er det sauar over alt, seier Habbestad om forslaget, som er sendt inn med eit aldri så lite glimt i auga.

Forslag til fylkesvåpen, sau

VESTLAND, VELSTAND: Habbestad viser til rikdomen som finst i landsdelene, både i form av naturlandskap og inntektene frå havet.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Han meiner havet symboliserer vestlendingane sin arbeidsstad og rikdomskjelde, sauen ei trygg kjelde til mat, og gulfargen i bakgrunnen den vestlandske optimismen og «vår ljose, felles framtid».

– Eg heiar på konkurransen og har sjølvsagt lyst å vinna. Men det er nok lurt at avgjerda blir tatt med ei god blanding av demokrati og teknokrati.

Folket skal få stemma fram sin favoritt

For det er ikkje opp til folket åleine å bestemma nytt våpen.

Ein folkejury velja ut ti forslag som skal gå vidare. Det same skal ein fagjury, slik at 20 forslag skal stå att.

Deretter kan folk i dei to fylka stemma fram eitt av dei 20 forslaga. Avstemminga opnar 22. august.

Etter at folkefavoritten er kåra, hamnar den i ein designkonkurranse i lag med tre forslag frå fagkomiteen. Her blir inntil fem designbyrå inviterte til å laga sine forslag til nytt fylkesvåpen, etter ei prekvalifisering.

Bidrag kjem frå folk i alle aldrar. Kan det tenkast at vinnaren vert eit barn?

– Ja, kvifor ikkje? Me er ute etter eit våpenmerke som er tydeleg, verkar samlande og peikar ut i vestlandet sitt landskap eller historie. Om du er femti eller fem, spelar ingen rolle.

Eit forslag til fylkesvåpen for Vestland

SAMANFLETTA: Eitt forslag til nytt fylkesvåpen symboliserer å «slå saman» Hordaland og Sogn og Fjordane til ei «stormakt» med vikinghistorie.

Foto: Leif Rune Løland / NRK