Hopp til innhold

Regjeringas vegselskap snur: Vil likevel ha gigantbru på E39

Nye Veier føreslo å droppa E39-bru over Bjørnafjorden. To månader seinare har dei snudd og meiner det same som regjeringa.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

VIL HA GIGANTBRU LIKEVEL: Nye Veier føreslo å skrinleggja denne brua over Bjørnafjorden, men to månader seinare er omkøyringsforslaget droppa.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

– Vi held oss til politiske avgjerder, seier Finn Aasmund Hobbesland, direktør for planprosessar og samfunnskontakt i Nye Veier.

Det inneber å skrinleggja Fusa-planane for Hordfast. Så seint som i oktober var det andre tonar frå vegselskapet til regjeringa, Nye Veier.

Finn Aasmund Hobbesland

PLANLEGGJAR: Finn Aasmund Hobbesland i Nye Veier.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I framlegget til Nasjonal transportplan 2022–33 føreslo dei å droppa brua over Bjørnafjorden. Dei meinte då det var mogleg å redusera rekninga frå 37 til 24 milliardar kroner om ein bygger i indre trasé gjennom Fusa.

– Arbeidet er kome langt

– Vi blei utfordra til å tenkja nytt om alt. Og ideen om å sjå på Fusa var mest for å få folk til å tenkja annleis. Men Hordfast-arbeidet er kome langt, og det er eit veldig godt prosjekt slik det er, seier Hobbesland i dag.

Knut Ivar Børgesen er leiar i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, og han er skuffa over retretten til Nye Veier.

– Det er tydeleg at dei har fått beskjed frå regjeringa om kva dei skal meina, seier han.

For regjeringa har gjeve klar melding om å greia ut Bjørnafjorden-alternativet, utan fleire forseinkingar enn nødvendig.

– Det er bra Nye Veier no jobbar vidare utifrå føresetnadene som er bestemt av storting og regjering, seier Liv Kari Eskeland (H), stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Stord.

Hordfast trase F

VEGPLANEN: Her vil regjeringa ha traseen for E39 sørover.

Foto: Statens Vegvesen

For dyrt

Børgesen meiner planane om bru over Bjørnafjorden og motorveg over Reksteren vil vera eit altfor stort naturinngrep.

– Ein argumenterer med at ein allereie har brukt så mykje pengar på å greia ut Hordfast at ein berre må halda fram. Det er eit meiningslaust argument, seier Børgesen.

– Trafikk- og befolkningsprognosane tilseier no at det aldri vil vera rett løysing med ei dyr bru over Bjørnafjorden.

Men Hobbesland trur likevel det skal bli mogleg å kutta prisen på Hordfast med mange milliardar kroner.

– Ved å trekkja inn næringslivet tidleg, er vår erfaring at det går an å få til store kostnadsreduksjonar, seier Hobbesland.