Dei nye vegane skulle gi vekst i bygdene – liten effekt, syner forsking

Mange kommunar håpar ny veg skal gi lokal vekst i folketal og arbeidsplassar. Men ein fersk studie viser at vegutbygging sjeldan snur ein negativ trend.

Jens Stoltenberg under åpningen av Jondalstunnelen i Hardanger

INGEN VEKST: Det var stor feiring då Jondalstunnelen vart opna av statsminister Jens Stoltenberg i 2012. Ny forsking seier effekten av den er nokså uendra.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Jondalstunnelen, Kvivsvegen og Bremangersambandet skulle gi ny giv og vekst til lokalsamfunna i Ullensvang, Stryn og Bremanger, men gav motsett verknad.

Ein ny rapport slår fast at nye vegar ofte ikkje får den effekten mange håpar på.

– Det ser ikkje ut til at betre vegar kan snu ei negativ utvikling i distrikta. Kommunar som ikkje ligg nær byområde har fått lite eller ingen auke.

Det seier Eivind Tveter, forskingsleiar for transportøkonomi ved Møreforsking.

Verken når det gjeld sysselsetjing, befolkningsvekst, innpendling eller bedriftsetablering, har prosjekta i stor grad snudd ei negativ utvikling.

Eivind Tveter, Møreforsking

BYSPREIING: Nye vegar gir meir pendling til storbyar men liten eller ingen vekst i distrikta, seier Eivind Tveter i Møreforsking.

Foto: Privat

Ikkje nok

Forskarar ved NTNU og Møreforsking har sett på utviklinga i tjue kommunar etter opning av ti større vegprosjekt i åra 2005–2014. Dei har samanlikna opningsåret med fem år før og etter.

– I mange tilfelle har ikkje ny veg vore nok til å snu ein negativ trend. Verknadar i distrikta som slit med nedgang i folketalet er stort sett fråverande. Dei kan somme gongar vera negative, seier han.

Tre kommunar har ifølge rapporten hatt negativ verknad av sine nye vegar. I Stryn og Krødsherad har færre bedrifter etablert seg. I Bremanger har folketalet gått ned.

– Meir attraktivt

Ordførar Per Kjøllesdal i Stryn trur ikkje på desse slutningane.

– Eg kjenner meg ikkje att i det. Eg har ikkje møtt nokon som ikkje oppfattar opninga av Kvivsvegen som veldig positiv. Stryn kommune er blitt ein meir attraktiv stad å busetja seg og driva næring enn før.

Utanom mogleg handelslekkasje til Ålesund, Ørsta og Volda, nektar han å tru at tunnelen har verka negativt for sin kommune.

– Det har definitivt ei veldig positiv betydning for utviklinga av turisme i Stryn. Mange nye hytter tilhøyrer folk som kjem via Kvivsvegen.

Per Kjøllesdal

VELDIG POSITIVT: – Tunnelen mot Sunnmøre har gjort Stryn meir attraktiv, meiner ordførar Per Kjøllesdal.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Uendra mange stader

I oversikta til forskarane er det flest prosjekt som har hatt ingen eller ubetydeleg lokal effekt.

Til dømes har Jondalstunnelen i Ullensvang ikkje hatt vesentlege effektar for Ullensvang og Kvinnherad kommunar.

Tabell frå Concept-rapport nr. 62: "Vegprosjekter, verdiskaping og lokale mål" (2020).

LITEN EFFEKT: Grønt viser tydeleg auke, gult viser nokså uendra, raudt viser tydeleg nedgang. * indikerer at verknaden var eit eksplisitt mål med utbygginga.

Foto: Forskingsprogrammet Concept

Det overraskar ordførar Roald Aga Haug.

– For oss har Jondalstunnelen vore ei velsigning. Det kan hende effektane ikkje kjem så godt fram i studien.

Han seier folketalet i heile Hardanger har falle i femti år.

– Eg trur situasjonen hadde vore verre viss me ikkje hadde fått tunnelen.

Den fekk også meir trafikk enn venta. I år vart den gratis, fem år før planen.

– Får kompetente folk

Han viser til at den halverte tida det tek å reisa mellom Odda og Jondal, og at turen mellom Odda og Bergen blei 50 minutt kortare.

– Me får no arbeidstakarar med kompetanse som me vanskeleg hadde fått tilgang til utan tunnelen. Det ville ført til langt sterkare sentralisering.

Forskarane understrekar at dei nye vegane kan ha gjort kvardagen lettare i mange kommunar, også der dei finn få positive effektar i form av lokal vekst. Der det er vekst, er gjerne i bynære kommunar som allereie klarte seg bra før den nye vegen kom, ifølge rapporten.

– Der kan betre vegar forsterka ei allereie positiv utvikling, seier Tveter.

Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune

EI VELSIGNING: – Det hadde vore endå verre sentralisering utan den nye vegen, meiner Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug.

Foto: Tale Hauso

– Byspreiing er negativt

Forskarane ser veldig sterke effektar i gamle Skaun kommune nær Trondheim, og i Lillesand ved E18-prosjektet Grimstad-Kristiansand.

Men forskarane peikar på at større arbeidsmarknad og meir pendling ikkje nødvendigvis er eit mål på positiv vekst.

– Viss betre vegar i hovudsak gir byspreiing, er det ikkje i tråd med måla om reduserte CO₂-utslepp for Noreg.

Det tydelegaste dømet på byspreiing er Finnøy utanfor Stavanger, der ny veg har gitt ein veldig tydeleg auke i folketal, men ikkje fleire arbeidsplassar.

– Dette er ein liten kommune som blir kopla saman med ein stor, der effektane er store, men diverre mest i form av byspreiing, seier Tveter.