Hopp til innhold

Har fått nye tips i Dung Tran Larsen-saka

Politiet har fått fleire nye tips om kva som kan ha skjedd med den forsvunne Dung Tran Larsen frå Bergen. Tobarnsmora har vore sakna sidan 20. juli 2007.

Tore Salvesen

UNDERSØKER NYE TIPS: Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon seier dei framleis ikkje har avgjort kva dei skal gjere med tipsa frå dei «klarsynte».

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Politiet har etterforska forsvinninga til 22 år gamle Dung Tran Larsen sidan ho blei meldt sakna 20. juli 2007. Etter fleire nye søk etter den forsvunne tobarnsmora, har politiet framleis ikkje funne svar på kva som skjedde med ho.

Dung Tran Larsen forsvant i juli 2007, og politiet lette etter henne i Krabbedalen.

SJU ÅR SIDAN: Dung Tran Larsen forsvann i juli 2007. Her leter politiet etter henne i Krabbedalen sommaren ho forsvann.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

No har politiet fått nye tips i saka, frå fleire personar som hevdar dei er klarsynte, samt frå ein person som skal ha observert noko han til no ikkje har fortalt politiet.

Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon seier dei framleis ikkje har avgjort kva dei skal gjere med tipsa frå dei «klarsynte».

– Me har snakka med forskjellige personar om kor stor moglegheita er for at dei skal bidra. Me har ikkje konkludert med at me skal gjere noko konkret saman med dei.

Salvesen, etterforskingsleiaren i saka, og politijuristen vurderer saka saman.

LES OGSÅ: Sporløst forsvunnet i snart fire år - Hordaland

Fekk nytt tips på måndag

Politiet har òg motteke eit tips frå ein person som skal ha sett noko i det aktuelle tidsrommet som Dung Tran Larsen forsvann.

Dung Tran Larsens mor

LEITAR FRAMLEIS: Foreldra til Dung Tran Larsen, her ved mora Huong Thi Thu Nguyen, tyr til privat hjelp i søket etter dottera.

Foto: NRK

– Sjølv no, sju år etter, fekk me eit tips på måndag. Ein person ringde og sa han hadde hatt dårleg samvit i sju år.

– Han hadde gjort ein observasjon i det aktuelle tidsrommet som han ville fortelje om.

Salvesen vil ikkje gå i detalj om kva dette tipset dreier seg om.

– Kor interessant er dette tipset?

– Det veit me enda ikkje. Tipset kom på telefon, og det er snakk kom ein person som kan ha sett noko. Me undersøker detaljane i dette nærmare og sjekkar kva me kan gjere.

Salvesen oppfordrar andre som kan vite noko om korleis Dung Tran Larsen forsvann til å ta kontakt med politiet.

Stasjonssjefen er glad for at saka ikkje vert gløymt.

– Eg er veldig glad for at saka haldast i hevd i media.

– Eg trur framleis at det er ein eller anna person der ute som kanskje sit med den siste puslespelbiten.

LES OGSÅ: Nye søk etter sakna tobarnsmor - Hordaland