Nye tiltak klokka 19: Blanda respons på signala som har kome

Forventningane spriker før regjeringa legg fram nye koronareglar. Nokre vil ha strengare tiltak, andre seier vi må «lære oss å leve med» viruset.

Håndballpublikum

NYE TILTAK: Klokka 19:00 i kveld vil regjeringa leggje fram nye nasjonale tiltak. Det er venta at anbefalingane frå helsemyndigheitene er knytt til både avstand og avgrensingar.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På revyscenen Chat Noir i Oslo startar Ingrid Bjørnov og Kari Slaatsveen i kveld ein rekke på sju førestillingar av «Julesanatoriet». Men kor lang rekka faktisk blir, veit dei ikkje.

– Vi håper vi kan drive vidare, men er usikre på korleis vi skal innrette oss, seier programsjef Vegard Foss Andersen.

Klokka 19:00 i kveld er han litt klokare. Da vil regjeringa leggje fram nye nasjonale koronatiltak.

Helsebyråd i Bergen, Beate Husa (KrF), er klar på kva ho ynskjer seg: strengare, tydelegare og enklare regler:

Nå er karantenereglane ganske vanskelege å forstå, med fleire ulike kategoriar. Vi er avhengige av at reglene blir forstått sidan systemet i stor grad er tillitsbasert, seier ho.

Kjerkhol

HELSEMINISTEREN: Regjeringa har varsla at det kjem kontaktreduserande tiltak på ein pressekonferanse klokka 19 tysdag.

Foto: Annika Byrde / NTB

Meir som ein vanleg luftvegsinfeksjon

Eg skjønner at landet er under press og at sjukefråveret er stort. Men hos oss er ikkje dette ein veldig farleg sjukdom, seier Jan Helge Dale, som er kommuneoverlege i Kinn i Vestland.

Han spør seg om vi ikkje heller er tent med å sjå på koronaviruset «meir som ein vanleg luftvegsinfeksjon» som folk vaksinerer seg mot ein til to gonger i året.

Det er dilemmaet her. Vi må handtere nye variantar av viruset så lenge folk rundt i verda ikkje er vaksinerte, seier han.

FHI skriv i ein ny rapport at dei trur omikron vil vere den dominerande varianten i Noreg i januar.

Dei legg til at det er «lite sannsynleg at denne varianten gir meir alvorleg sjukdom hos vaksinerte; kanskje gir den mindre alvorleg sjukdom».

Beate Husa

UROA FOR SJUKEHUSA: Helsebyråd i Bergen, Beate Husa (KrF) vil ha strengare, tydelegare og enklare regler.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord, seier til NRK at det er noko som skurrar i måten vi snakkar om korona.

Det er utfordrande at vi har levd med viruset i snart to år og vi skal leve med det vidare – men vi har ikkje klart å tilpasse språket til denne verkelegheita. Framleis agerer vi og snakkar som om «pasienten» er akutt sjuk. Mens realiteten er at «pasienten», altså samfunnet, er kronisk sjuk og må lære seg å leve med denne tilstanden. Då trengst eit anna språk og truleg og ei anna tilnærming.

Nyheitsbyrået NTB har alt meldt at anbefalingane frå helsemyndigheitene vil vere knytt til både avstand og avgrensingar.

Stavanger Aftenblad melder at det framleis vil vere mogeleg å arrangere julebord og skjenke alkohol, men at det blir meir restriktivt enn i dag, og at det kjem nye innstrammingar og avgrensingar for arrangement og samlingar innandørs.

Frå før har både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet tatt til orde for fleire kontaktreduserande tiltak, men det er usikkert korleis regjeringa vil stille seg til deira råd.

Øystein Furnes

ANNA SPRÅK: - Framleis agerer vi og snakkar som om «pasienten» er akutt sjuk. Mens realiteten er at «pasienten», altså samfunnet, er kronisk sjuk, seier Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Passe strenge tiltak som det er

Ei ny undersøking viser at 48 prosent meiner nivået på koronatiltaka er passe slik dei er. Medan ein av tre nordmenn seier tiltaka ikkje er strenge nok.

Seinast i førre veke vart det innført nye regionale koronatiltak i ein rekke kommunar. Det vart også innført obligatorisk testing på grensa.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden er blant dei som vil ha strengare koronatiltak. I november skulda han regjeringa for å «skyve ansvaret tilbake til kommunane».

– Eg har ei forventning om at det kjem eit påbod om å bruke munnbind i alle samanhengar der det ikkje er mogeleg med ein meter avstand, seier han.

Dessutan etterlyser han nasjonale økonomiske støttetiltak til dei verksemdene som vert ramma.

– Dette er høgsesong for hotell- og restaurantnæringa. Eg håper det no kjem ei tydeleg melding på når pengane kjem og korleis dei skal fordelast.

Tom Georg Indrevik, ordfører, Øygaarden kommune

VIL HA STRENGARE TILTAK: – Eg har ei forventning om at det kjem eit påbod om å bruke munnbind i alle samanhengar, seier Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Pandemiar er eit maraton

Direktør ved Gloppen Hotell, Preben Moen seier at «pandemiar er eit maraton».

Vi har hatt det krevjande i år, nå kan det sjå ut som ein ny krevjande vinter kjem, så vi må berre tenke at helse kjem først. Så får vi ta feiringa seinare.

Endringene i omikron

COVID: Ei ny undersøking viser at 48 prosent synest nivået på koronatiltaka er passe slik dei er. Medan ein av tre nordmenn meiner tiltaka ikkje er strenge nok.

Foto: Gisaid

Smittetala i og kring Bergen har dei siste dagane skote i været, og i går vart det meldt om 232 nye smitta i Bergen.

NRK melde måndag om bergensarar som sto fleire timar i bitande kulde for å teste seg for korona. Bergen og kommunane rundt innførte regional smittevernforskrift 3. desember.

Kommuneoverlege i Fjaler, Jakob Ravn seier til NRK at han forventar fleire tiltak.

Men det er ikkje lett å seie kva som kjem, og det er vanskelege avvegingar.

Risikorapport om omikron fra FHI 7. desember

DOMINERANDE: FHI skriv i ein ny rapport at dei trur omikron vil vere den dominerande varianten i Noreg i januar.

Foto: FHI

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.01.2022
66 344
Smittede siste 7 dager
238
Innlagte
1 383
Døde
4 301 660
Vaksinerte