Nye tal syner at færre sluttar på vidaregåande

NORDFJORDEID (NRK): Etter eitt år med fråværsgrense i vidaregåande skule har andelen som slutta gått litt ned, men sju fylke opplever ein auke.

Victoria Hellebust og Ole Martini

FLEIRE AV MEDELEVANE SLUTTA: Elevrådsleiar Victoria Hellebust og leiar i ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, Ole Martini, synes det er bra med tett oppfølging av elevar som slit på skulen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg er meir kritisk enn positiv til fråværsregelen. Det kan vere lurt å ha ei viss grense, men eg meiner regelen bør vere mindre rigid, seier leiar i ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, Ole Martini, ved Eid vidaregåande skule.

Sist skuleår gjekk både time- og dagsfråværet ned, men tal elevar som slutta gjekk frå fem til 14.

– Det bekymrar oss veldig. Det er dei elevane som sluttar som absolutt burde vore på skulen, seier utviklingsleiar Torild Natvik.

Skuleåret 2016–2017 var det første året etter at fråværsgrensa på 10 prosent vart innført. No opplever skulefylket Sogn og Fjordane at fleire elevar sluttar.

Torild Natvik

BEKYMRA: Utviklingsleiar Torild Natvik måtte sjå at 14 av 350 elevar ved Eid vidaregåande slutta skuleåret 2016 – 2017.

Foto: Silje Guddal / NRK

På landsplan slutta 3,8 prosent av elevane i den vidaregåande skulen sist skuleår, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet. Det utgjer 800 færre elevar i året, samanlikna med for 6 år sidan. Halvparten av nedgangen har skjedd siste året.

Manglar pengar til legebesøk

– Fråfallet har gått stødig nedover i fleire år, så eg vil ikkje seie at det er fråværsgrensa si forteneste, seier leiar Rahman Chaudhry i elevorganisasjonen.

Chaudhry viser til at andelen elevar som slutta gjekk opp i sju fylke sist skuleår.

– Eg trur det viser at fråværsgrensa er ei nasjonal, rigid grense som ikkje tek høgde for at alle elevar er ulike.

Ved Eid vidaregåande skule opplever dei at elevar ikkje har råd til å gå til legen og få attest på at dei er sjuke. Det meiner dei skapar eit klasseskilje.

– Ja, vi ser det. Det kan vere elevar som ikkje har budd lenge i Norge eller hybelbuarar som ikkje har nokon særleg kontakt med familien sin, seier Natvik.

– At fleire sluttar, skuldast det den nye fråværsgrensa?

– Det er veldig vanskeleg å seie, men vi har dømer på at elevar såg at dei ikkje klarte å nå 90 prosent oppmøte. Dei elevane mista vi i fjor.

Trass i ein auke, er framleis Sogn og Fjordane fylket med lågast fråfall.

Avviser rigide reglar

Veldig bra, er kunnskapsministerTorbjørn Røe Isaksen (H) sin reaksjon på tala.

– Vi veit ikkje nøyktig kva nedgongen skuldast, men eit bildet som vert veldig tydeleg er at alle dei som sa at den nye fråværsgrensa kom til å føre til massiv auke i elevar som sluttar på skulen, det ser vi ingenting til.

Isaksen meiner dei fleste elevar er så lite sjuke at det å gå til legen ikkje vil vere ei enorm utgift.

– Reglane er ikkje så rigide, for rektor kan setje opp grensa til 15 prosent og ha ei skjønnsmessig vurdering av situasjonen, seier Isaksen.

Viktig miljøkoordinator

Natvik fortel at dei har svært tett oppfølging av elevar som risikerer å få meir enn ti prosent fråvær.

– Eg synest det er fint at skulen tek eit tak for dei elevane som slit, at dei bryr seg om dei og gjer mest mogleg for å få dei på skulen, seier elevrådsleiar Victoria Hellebust.