Hopp til innhold

Denne pinnen skal hindra straumsjokk for fuglar

Eldre kraftlinjer er reine dødsfeller for mange fuglar. No skal nye kraftlinjer redusere faren for fugledød.

Ein hubro har landa på ei ny type straummast som er sikra med ekstra sittepinner på endane. Slik unngår hubroen kraftlinjene.

TILTAK: Store fuglar, som denne hubroen, nyt godt av at det er påmontert ein sittepinne på kraftstolpen. Slik unngår hubroen dei straumførande leidningane.

Foto: Jan Ove Gjershaug

Berre dei siste tiåra har hubrobestanden fleire stader i landet gått ned med over 70 prosent.

I dag er det berre 500–600 hekkande par igjen.

Ein del av årsaka er elektriske støyt.

No skal nye tiltak hindre fugledød langs strømgatene.

Hubro

HUBRO: Uglearten er den største i Europa, og kan ha eit vengespenn på opp mot 1,8 meter. 

Foto: Trond Berg / NRK

Kan brenne opp og bli forkola

Gamle kraftstolpar utgjer nemleg ein store fare for større fuglar som hubroen. Det er særleg store fuglar som er utsette i møte med kraftlinjene.

Når fuglane spreier ut vingane kan dei komme i kontakt med dei straumførande leidningane.

– Fuglar kan brenne opp og bli forkola når det kjem eit elektrisk støyt, forklarar Kjetil Aadne Solbakken, generalsekretær i BirdLife Norge.

Organisasjonen har i fleire tiår jobba for tiltak som skal redusere fugledød.

Kjetil Aadne Solbakken

FORNØGD: Generalsekretær i BirdLife Norge, Kjetil Aadne Solbakken, er fornøgd med at det blir gjort tiltak som skal hindre fugledød.

Foto: BirdLife Norge

No er dei glade for tiltaka som blir sett i verk.

Bildet i toppen av saka viser ein av metodane som er tatt for å forhindre at fuglane får elektrisk støyt. Der har kraftstolpen fått seg ein fin utstikkar som fuglane kan sitte på.

Dersom fuglane kjem i kontakt med dei såkalla piggisolatorane, som står mellom stolpane, er nemleg faren stor «elektrokusjon».

Skisse frå NVE som viser korleis straumulukker kan oppstå.

STRAUMULYKKER: Denne skissa frå NVE viser korleis straumulykker med fuglar kan oppstå der masta har piggisolatorar.

Foto: NVE/Rapport om fugl og kraftledninger

Biolog Tore Larsen hos Statsforvaltaren i Vestland fortel at det er lite ein kan gjere for å unngå at fuglane flyr rett i kraftlinja.

– Men det ein kan gjere noko med er å redusere faren for fuglane som bruker toppen av kraftstolpane til å speide etter bytte, seier han.

I Naustdal i Sunnfjord kommune er ei ny og moderne kraftlinje under planlegging. Den blir bygd med eit såkalla hengekjede. Det vil seie at den straumførande linja heng i ein boge mellom kraftstolpane.

Moderne alternativ kjem inn

På den nye 5,6 kilometer lange linja blir piggisolatorane bytta ut med moderne alternativ.

Frå nokre år sidan bestemte NVE at alle nye kraftlinjer skal byggast på ein måte som reduserer faren for at fuglar døyr av elektrisk støyt.

For nettselskapet BKK sin del overskuggar fordelane med mindre fugledød ulempene i form av litt auka kostnader.

– Vi er positive til slike tiltak. BKK har jo tidlegare samarbeidd med statsforvaltaren om prosjekt som skal hindre fugledød på kraftlinjene vi bygger ut, fortel Arild Fleten, regionssjef i region nord i BKK.