Nye søppelreglar forvirrar – Stian og kollegaene blir skjelt ut

BERGEN (NRK): Nye reglar for bossekkar har sett sinna i kok hjå mange frustrerte bergensarar. – Folk bannar og kjem ut av bilane.

BOSS: Stian Haugland viser fram tre ulike bossekkar. Det er den tredje lengst til høgre som no skal brukast til å levere avfall på BIR sine gjenvinningstasjonar.

BOSS: Stian Haugland viser fram ulike typar bossekkar. Det er den lengst til høgre som skal brukast til å kaste avfall i. Haugland og kollegaene får mange reaksjonar.

Foto: NRK Hordaland / NRK Hordaland

1. september i år kom nye reglar for levering av avfall på gjenvinningsstasjonane i Bergen.

No går det ikkje lenger an å hive avfallet sitt i svarte bossekkar på stasjonen. I staden skal gjennomsiktige sekkar nyttast, slik at dei tilsette kan sjå om det er farleg innhald i dei.

Men det har ført til full forvirring for bergensarane, og dermed ein god del bråk.

Illsinte

For mange har trudd at dei då kan legge restavfallet i dei gjennomsiktige sekkane for plastavfall. Men også då blir dei stoppa i døra.

Det er berre dei gjennomsiktige sekkane utan tekst som skal nyttast til restavfall.

Dei ulike sekketypane har gjort at dei tilsette ved gjenvinningsstasjonane i Bergen får som øra flagrar av irriterte bergensarar.

Det kokar over for dei som anten må snu i døra, eller blir nøydde til å pakke om søppelet sitt i dei nye og riktige sekkane.

– Dei brukar bannord. Av og til blir dei så sure at dei kjem ut av bilen, seier Martin Kalstad Lidsheim ved gjenvinningsstasjonen på Espehaugen.

Han legg til at det heldigvis ikkje har ført til fysiske reaksjonar.

Vil sjå kva folk kastar

Årsaka til forbodet mot å levera i svarte sekkar er sikkerheit, og derfor må sekkane vere gjennomsiktige.

– Vi ønskjer å sjå kva folk kastar. Dette er spesielt med omsyn til brann og eksplosjonsfare. Batteri og gassbehaldarar er det skumlaste vi får inn, seier kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i Bir.

Ho fortel at det har vore så mykje som 130 brannar på ulike gjenvinningsstasjonar i landet dei siste tre år.

Mange av dei startar i nettopp restavfallet. Dette kan unngåast ved å ta i bruk dei riktige sekkane.

Stian Haugland i Bir viser fram dei gjennomsiktige bossekkane som dei oppfordrar folk om å bruka.

GJENNOMSIKTIG: Stian Haugland som er tilsett i BIR sin gjenvinningsstasjon i Møllendalsveien held opp den riktige plastsekken.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK Hordaland

Gamal vane er vond å vende

Skudal er forbausa over at så mange enno ikkje har fått med seg regelendringa.

Tilvenningskampanjen for å fase ut bruken av dei farga sekkane byrja allereie i september i fjor.

Frå og med januar i år måtte ein ut med 40 kroner for å kaste avfall i svarte sekkar. Dette skulle vere ein overgang fram til forbodet 1. september.

Fokuset på at sekkane skulle vere gjennomsiktige førte derimot til nok eit problem: Folk byrja å bruke gratissekkane til kjeldesortering av plastemballasje i staden.

Dei riktige sekkane til restavfall kan kjøpast i mange daglegvarebutikkar og byggevarehus.