Hopp til innhold

Nye søk etter sakna i Jølstravatnet

Politiet skal i dag gjere nye søk i Jølstravatnet, der ein mann i 50-åra har vore sakna sidan raset i slutten av juli. – Sikta i overflata er god. No skal undervassfartøyet med kamera sendast ned på 170 meters djup, der det er gjort funn av noko som ein trur kan vere ein bil, seier innsatsleiar Torbjørn Thue ved Førde lensmannskontor til Bergens Tidende.