Hopp til innhold

Nye søk etter sakna 18-åring i dag

Politiet startar nye søk etter den sakna 18-åringen på Sotra. Det kjem framleis inn mange tips etter forsvinninga.

Politibåten

SØKJER LANGS LAND: Politibåten startar nye søk i ettermiddag (Arkivfoto).

Foto: NRK

Klokka 12 blir politibåten til Hordaland politidistrikt sett inn i søket etter den sakna 18 år gamle mannen.

Søk langs land

Per Algrøy

SØK: Politioverbetjent Per Algrøy ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt er med i søket.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Det blir eit overflatesøk langs land med utgangspunkt i staden der spora sluttar, seier politioverbetjent Per Algrøy ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt til NRK.no.

I utgangspunktet blir søket i dag avslutta når det blir mørkt.

18-åringen forsvann 1. januar etter at han køyrde ein bil i grøfta på Sotra, vest for Bergen. Både 18-åringen og ein 17 år gamal kamerat stakk frå staden før politiet kom. 17-åringen melde seg same dag.

Det har vore fleire omfattande søk etter den sakna, både på land og i sjøen. Fleire hundre personar har deltatt i søk, saman med båtar frå politiet og redningsselskapet. Både hundar, dykkarar og miniubåt har vore brukt for å prøva å finna 18-åringen.

(Saka held fram under videoen)

Politiet har gjort overflatesøk i dag.

SJÅ VIDEO: Intervju med politioverbetjent Per Algrøy ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt.

Planlegg fleire søk

I tillegg til søket i dag planlegg politiet andre typar søk.

– Det kan blir snakk om undervannssøk med miniubåt eller anna utstyr. Men på grunn av dårlege værutsikter dei komande dagane er det mest sannsynleg at dette ikkje blir sett i verk før over helga, seier Algrøy.

Politiet frå framleis tips frå folk som meiner dei har sett 18-åringen, og prøver å sjekka ut opplysningane etterkvart som dei kjem inn.

– Vi kan ikkje vera sikre på kva som har skjedd og held alle muligheter opne, seier Algrøy.

Søk under vann etter savnet 18-åring

OMFATTANDE SØK: Det har vore gjort fleire omfattande søk sidan 18-åringen forsvann.

Foto: Christian Kråkenes / NRK