Hopp til innhold

Nye smittetilfelle i Høyanger

Det er registrert seks nye koronatilfelle i Høyanger, skriv Firda. Fire av tilfella blei meldt om i går kveld og to i dag tidleg. – Den siste informasjonen er at dette dreier seg om to hus med tre smitta personar i kvart hus, seier smittevernlege Kristine Brix Longfellow. Det er no registrert 11 smittetilfelle i kommunen, alle tilfella kan knytast til verftet Havyard i Hyllestad.

Fagsjef i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow
Foto: Bendik Reed Årvik / NRK