Nye smitteråd i Sogndal

21 personar vart stadfesta smitta av korona i Sogndal kommune onsdag. Totalt er 44 personar smitta i utbrotet. Kommunen ber folk om å bruke munnbind på stadar der det er vanskeleg å halde avstand. Dei ber folk også om å redusere talet på nærkontaktar og unngå arrangement der det er vanskeleg å halde god avstand.