Hopp til innhold

Nye skredtiltak skal berge Hotell Alexandra frå naturkatastrofar

Omfattande skredtiltak i Loen skal hindre at Hotell Alexandra blir råka av snøskred

Senioringeniør Krister Kristensen

SIKRINGSTILTAK: Senioringeniør Krister Kristensen har vore på synfaring i Loen for å planleggje framtidige sikringstiltak mot skred.

Foto: Krister Kristensen / Privat

– Det er planlagt eit større sikringstiltak i form av ein ledevoll. Denne skal både sikre mot snøskred og flaumskred. No har det gått eit kombinert stein- og flaumskred i det elveløpet som no skal sikrast, seier senioringeniør ved Noregs Geotekniske Institutt, Krister Kristensen.

Samstundes med at stormen Hilde herja i fylket, gjekk det natt til laurdag eit stort steinskred i Gjølmunna i Loen.

Senioringeniør Kristensen har vore på synfaring på oppdrag frå Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE). Han er rådgjevar i eit planlagt prosjekt som skal hindre at Hotell Aleksandra og Loen blir råka av framtidige skred.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skred i Loen

STORE STEINMASSAR: Stein og lausmassar blir dregne med nedover elvefaret til Gjølmunna og forbygginga.

Foto: Krister Kristensen

– Det er eit høvesvis stort steinskred som har gått i eit av dei tre gjela som er ovanfor det som me kallar for Gjølmunna. Og det har losna 8–900 meter over havet og gått nedover gjelet og teke med seg ein del lausmasse, noko som har ført til at dette har vorte spylt ut og kome ned der vollen skal byggjast og vidare ned mot riksvegen.

Heilgardering – sikringstiltak både mot stein-, flaum- og snøskred

Frå før er det ei mindre forbygging i det rasutsette området, som gjorde at dei massane som kom under stormen Hilde vart leidde dit dei skulle, og ikkje mot område der det var bygningar.

– Det er oppført nokre forbyggingar tidlegare, som hjelper mot flaum- og flaumskred, men det er også ein snøskredproblematikk, som gjer at det i sjeldne høve kan kome snøskred over vollen – det er det me skal lage ei forbygging mot no, opplyser Kristensen.

Eit slikt tiltak vil gje betre moglegheiter til å utnytte området, for ein reduserer sannsynet for snøskred både mot eksisterande bygningar og den planlagde utvidinga av Hotell Alexandra.

Hotell Alexandra i Loen

RASUTSETT: Hotell Alexandra ligg i faresonen for å bli råka av skred.

Foto: Anne Gunn B Myhren

– Regelverket seier at det skal vere lågt sannsyn for skred i område der ein skal bygge. Isolert sett kan det verke som om det er liten sjanse for at det skal gå skred her, men i det lange løp så vil det statistisk sett kunne gå eitt av tusen hus per år, og det er det politikarane har bestemt er grensa, avsluttar Kristensen.

Kostbare klimaendringar

Elva som trugar både Hotell Alexandra og busetnaden rundt vil koste kring 12 millionar kroner.

NVE vil ta 80 prosent av kostnadene, medan Stryn kommune sit at med dei resterande 20 prosentane.

Arbeidet er planlagt ferdig til sommaren 2015.