Kvart døgn køyrer 3.500 bilar over den nye brua mellom Kronborg og Vie på vegen som mellom anna fører til Førde sentralsjukehus. Dette har ført til at trafikken på Europaveg 39 over Hafstadflata har auka med 20 prosent sidan opninga av brua i desember 2002.
Det var vegsjef Lars Lefdal som opna nyebrua saman med fylkesordføraren og Førde-ordføraren. (Foto: NRK)
Ein tredel mindre trafikk
Trafikken har gått tilsvarande ned på det som har vore den mest belasta fylkesvegen i Sogn og Fjordane, Angedalsvegen forbi Førdehuset. Men framleis køyrer meir enn 6.000 bilar denne strekninga dagleg. Det er for mykje meiner distriktsvegsjef Oddvin Ylvisaker i Fjordane.
Nyevegen toler mykje meir
For den nye brua mellom Kronborg og Vie toler langt fleire bilar enn dei 3.500 som passerer der kvart døgn.
- Nyebrua og tofeltsvegen toler 10.000-15.000 bilar dagleg. Så for området kring Førdehuset sin del kunne det gjerne ha køyrt meir bilar over nyebrua, seier Ylvisaker.