Før helga vedtok styret å satse på tunneldrift slik at Søgnesandsdalen ikkje blir rørt i det heile. I staden vil ein byggje ein tunnel aust om Søgnesand, og slik sett få ei tunnelbasert anleggsdrift.
Tilfredsstiller krava
Mowatt meiner at argumentet om å nekte konsesjon for å hindre store naturinngrep, no blir gjort ugyldig. Dette er svaret på det departementet ønskjer, hevdar han.
– Viss vi ikkje no får konsesjon har dei halde oss for ap, seier Mowatt.
Mowatt stadfestar at dette fører til ein ekstra kostnad på 10 - 20 millionar kroner. – Det meiner vi er til å leve med, seier han.