Hopp til innhold

Nye ølmerke utfordrar Ægir og Kinn

Interessa for spesialøl aukar, men etablerte bryggeri som Ægir og Kinn merkar no godt at talet på ølprodusentar har auka dramatisk siste åra.

Kristian Årdal

MYKJE Å VELJE MELLOM: Dagleg leiar Kristian Årdal på Spar Amfi Førde med litt av ølutvalet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For Ægir Bryggeri i Flåm førde det til at omsetnaden gjekk ned frå vel 23,5 millionar kroner i 2014 til 20,7 millionar i 2015. Årsresultatet skrumpa inn frå 4,1 millionar i 2014 til 90.000 kroner i fjor.

Dagleg leiar Evan Lewis merkar godt at det har kome til mange nye ølmerke.

– Det øldrikkande publikummet likar å prøve nye ting heile tida, og no prøver dei ut dei nye konkurrentane våre. For dei etablerte bryggeria fører det til ein liten nedgang i volum.

Evan Lewis

NEDGANG I SALET: Dagleg leiar Evan Lewis i Ægir Bryggeri unngjekk så vidt raude tal i fjor.

Foto: Arne Veum

– Interessa for øl aukar

I fjor vart det i gjennomsnitt etablert eitt nytt bryggeri kvar veke i Norge. Den skjerpa konkurransen blir godt illustrert i ølavdelinga til Spar Amfi i Førde. Dagleg leiar Kristian Årdal fortel at dei no har over 300 ulike ølsortar.

– Spesialøl er verkeleg i vinden. Etter at vi utvida avdelinga merkar vi at interessa berre aukar.

Han fortel at folk gjerne vil prøve nye sortar, men at ølet frå Kinn førebels greier seg godt i konkurransen.

Og tala frå 2015 syner at Kinn Bryggeri ikkje fekk den nedgangen i omsetnad som Ægir fekk då. Tvert imot auka Kinn frå 18,4 til vel 22 millionar kroner og passerte Ægir i omsetnad. Og årsresultatet var på 1,8 millionar, litt ned frå 2014.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

MERKAR KONKURRANSEN: Dagleg leiar Espen Lothe i Kinn Bryggeri var nøgd med fjoråret, men ser at nye aktørar vil ha sin del av kaka.

Foto: Birger Meland / NRK

– Merkar konkurransen

Dagleg leiar Espen Lothe seier at 2015 var eit veldig bra år for Kinn. Mykje av auken kom på sal via Vinmonopolet, der Kinn no er det desidert største merket. Men han ser at den auka konkurransen kjem til å vise att på 2016-tala.

– Vi kjem nok til å auke omsetnaden litt i år også, men overskotet blir mindre. Vi merkar det tydeleg at innan daglegvare og på restaurantar har det har blitt veldig mange nye aktørar som også skal ha sin del av kaka.

Kinn-øl

LOKALØLET SAMLA: På Spar Amfi Førde er lokalprodusert øl frå Kinn, Ægir og Balder samla i ei eiga avdeling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ægir satsar på boks

Ægir Bryggeri i Flåm møter den skjerpa konkurransen med å tilby øl på boks. Evan Lewis seier at ølsmaken held seg betre på boks enn på flaske.

– No blir nesten alle hovudprodukta våre tappa på på boks med ny design. Det er å finne over heile landet og i større og større grad i utlandet.

Men denne investeringa gjer at Lewis ikkje reknar med det heilt store årsresultatet for 2016.

– Salet er bra, men det vil ta tid før vi ser resultatet av overgangen til boks. Men vi eksporterer stadig meir. Innan året er slutt er vi i 11 eller 12 land utanom Norge.

Ægir boksøl

PÅ BOKS: Ægir Bryggeri håpar at omlegging til øl på boks vil skape ny interesse.

Foto: Ægir

Bere raude tal for Balder

Balder Brygg AS i Leikanger har auka omsetnaden jamnt sidan 2012 og selde i fjor øl for nesten tre millionar kroner. Men årsresultatet har i fire år i strekk vore på minussida, i fjor var det vel 600.000 kroner i underskot.

Nykomlingen Tya Bryggeri i Årdal hadde sitt første ordinære driftsår i fjor og omsette for 1,1 million kroner. Årsresultatet var på minus 434.000 kroner.