Hopp til innhold

Så kunne Ezinne juble for dobbel norsk rekord

Ezinne Okparaebo kunne strekkje armane i veret og juble for suveren ny norsk rekord på Florø stadion laurdag på 100 meter. Litt seinare på dagen tok ho like godt 200-metersrekorden også!

Video Ezinne Okparaebo

Ezinne Okparaebo satte ny norsk rekord

11,16 er hennar nye rekord på 100 meter for kvinner, og dermed er den norske sprintdronninga også klar for OL i London. Ho hadde sjølv den gamle rekorden på 11,21, sett i 2011.

Ezinne Okparaebo

REKORDJUBEL: Ezinne Okparaebo kunne juble etter å ha sett ny norsk rekord på 100 meter i Florø.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

– Dette er heilt rått og eg er sjølvsagt supernøgd, sa ei smilande og jublande glad Ezinne til NRK etter at det første rekordløpet av eit faktum.

Berre eit par timar seinare sørga ho og for dobbelrekord. Ho slo til med tida 23,30 på 200-meter.

Denne tida er berre EIN hundredel raskare enn Mona Evjen sin lett legendariske rekord frå 1982!

Best norske samla

Rekordane vart sett under Florø Friidrettsfestival, som samlar dei beste norske, og ein del internasjonale utøvarar.

Med 11,16 på 100-meteren, plasserer Ezinne seg på topp 30-lista over dei beste kvinnenene i verda hittil i år, men det er framleis langt fram til toppplassen.

Sjå resultata frå 100 meter for kvinner i Florø her.

Årsbestelista i verda så langt i 2012 vert toppa av Carmelita Jeter frå USA med tida 10,81.

Ezinne Okparaebo

SVÆRT GLAD: Ezinne Okparaebo var svært nøgd med eigen innsats i Florø laurdag.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Medvind under løpet

Ezinne var svært nøgd med tilhøva på Florø stadion, og vinden var ikkje til noko plage for ho. Snarare tvert imot. Kvinnene fekk målt to sekundmeter medvind, akkurat nok til at rekorden vart godkjend.

– No skal eg berre gå rundt og smile om kapp med sola her i Florø, gliste Ezinne etter løpet.

Eivind Henriksen

NY REKORD: Eivind Henriksen sette ny norsk sleggerekord i Florø laurdag.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Ny sleggerekord

Video Ny norsk rekord i slegge

Ny norsk rekord i slegge

Ny norsk rekord vart det også i slegge for menn, der Eivind Henriksen dunka til med eit kast på 75,57 meter.

– Eg var litt tung i i beina, så det var bra at eg fikk ut den eine centimeteren ekstra. Eg har framleis deltaking i OL som mål, sa Henriksen etter rekordkastet.