Hopp til innhold

Nye munnbindråd: Tryglar folk om å droppe kollektivtransport om dei kan

Kollektivselskap stussar over at munnbindråda berre gjeld i Oslo og Indre Østfold. Samtidig håpar dei alle som kan droppar buss og bane.

T-banen i Oslo er full under koronapandimien

LITEN AVSTAND: I morgon- og ettermiddagsrushet kan det vere vanskeleg å halde avstand på kollektivtransport i storbyane. Her frå ei full T-banevogn i Oslo.

Foto: Tipser

– Rådet gjer det lettare for folk å kome seg tryggare til skule og jobb.

Det seier dagleg leiar i Kollektivtrafikkforeningen, Olov Grøtting, etter dagens råd om bruk av munnbind i kollektivtrafikken. Rådet gjeld berre i Oslo og Indre Østfold.

Det er kollektivnæringa godt nøgde med. Dei var redde for at det ville koma eit påbod om munnbind på bussar og bane.

No har næringa ei bøn: At alle som kan, let vere å bruke kollektivtrafikk.

– Det beste hadde vore om folk hadde den same forståinga for krisa som i mars. Er ikkje kollektivreisa di så viktig, bør du gå eller sykle i staden. Dei som kan bruka heimekontor bør gjera det, og gi plassen sin på bussen til ein skuleelev eller nokon i ein samfunnskritisk jobb, seier Grøtting.

Men enkelte stussar over at det ikkje kom råd om munnbind fleire stader.

Vil ha anbefaling fleire stader

Ein av dei er fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

Han er uroa for kva signal dagens råd frå dei nasjonale myndigheitene sender om situasjonen i Bergen og området rundt. Fredag føremiddag stramma nemleg byrådet i byen inn på smittevernreglane.

I Vestland er kollektivselskapet Skyss styrt av fylkeskommunen. Det er landets nest største kollektivselskap, med over 80 millionar reisande i året. Ni av ti av desse reiser med bussar og Bybanen i Bergen.

– Folk i Bergen synest også det er ubehageleg å stå for tett saman. Eg tolkar myndigheitene slik at dei meiner smitterisikoen her er låg, elles hadde dei nok gitt andre råd. Men det er eg i tvil om er rett.

Han vil gjerne ha eit nasjonalt påbod eller råd om å bruka munnbind.

– Det er det einaste som alle kjem til å følgje. Det såg me i vår, seier Askeland.

Vestland fylkeskommune kjem likevel til å halde seg til myndigheitene sine råd.

– Eg må ta for gitt at dei vurderer at smittesituasjonen er under kontroll og at ein treng å bruka munnbind i Bergen, seier fylkesordføraren.

Kva med kontroll?

Askeland får støtte av Kollektivtrafikkforeningen. Grøtting meiner myndigheitene bør anbefale bruk av munnbind også andre stader der det kan oppstå trengsel.

– Der ein ikkje kan unngå å vere nær andre, bør det kome råd om å bruke munnbind.

Kollektivtrafikkforeningen håpar kollektivselskapa skal sleppe å kontrollere om dei reisande brukar munnbind.

– Bussjåføren si arbeidsoppgåve er å køyre bussen på ein trygg måte, seier ho.

I Trondheim aukar smittetala, men det har endå ikkje kome anbefaling om å bruke munnbind på kollektivtransporten der heller.

– Dersom det er veldig fullt, ber vi passasjerane om å vente til neste avgang. Vi er avhengige av at kvar enkelt tek ansvar, seier Grethe Opsal i kollektivselskapet AtB.

Ho meiner det er betre at folk sit skulder mot skulder, enn at det står fullt av folk i midtgangen som står ansikt mot ansikt.

– Vi skal vere glade for at vi klarer å halde smittetala så låge at vi slepp å innføre anbefaling om munnbind på våre bussar, seier ho.

AtB, kollektivtransport i Trondheim

TRONDHEIM: Smittetala aukar i byen, men det har ikkje kome anbefaling om å bruke munnbind når ein reiser kollektivt i Trondheim.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

20.000 munnbind

Ferjeselskapet Norled var kjappe på avtrekkaren etter at rådet kom. Allereie tidleg fredag bestilte dei 20.000 munnbind.

– Vi kjem til å ta i bruk munnbind for dei av våre tilsette som har mykje kontakt med dei reisande, seier Las Jacob Engelsen, viseadministrerande direktør i Norled.

Fjord1 har òg kjøpt inn munnbind, fortel regionleiar i Tor Kristoffersen i vest. Dei bestilt inn munnbind for å vere føre var for eventuelle tiltak som kan bli innført.

Lenge sør, på Austlandet har Vy valt å følgje oppmodinga frå regjeringa, skal innføre bruk av munnbind på buss og bane i Oslo og Østfold.

– Vi følgjer oppmodinga frå styresmaktene og har bestilt fleire titusen av munnbind som vi skal distribuere til våre medarbeidarar slik at dei som jobbar i dei aktuelle områda, skal kunne bruke munnbind, seier pressevakt Nina Schage.

Bilferjene Ampere og Stavanger

20.000 MUNNBIND: Ferjeselskapet Norled har allereie kjøpt inn 20.000 munnbind til eigne tilsette.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK