Hopp til innhold

Kommunetoppar brukte to millionar kroner på rorbuparadis

FLORØ/MÅLØY (NRK): Den nye kommunen må snu alle steinar for å kutte 75 millionar kroner på få år. Samstundes har kommunetoppane brukt over to millionar kroner på 200 flasker vin, middagar og overnatting i kystperla Kalvåg.

Knutholmen i Kalvåg

MØTEVERKSEMD: På Knutholmen i Kalvåg i Bremanger har administrativ og politisk leiing i storkommunen Kinn lagt att over to millionar kroner i perioden 2017–2019. Samtidig må kommunen kutte 75 millionar kroner innan 2023 for å kome i balanse.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

43 nye norske kommunar såg dagens lys frå nyttår. Kommunane som har slått seg saman har hatt hektisk møteverksemd. Blant dei, Kinn.

Kommunen, som består av gamle Flora og Vågsøy kommunar, har hatt ein serie samlingar i nabokommunen Bremanger.

– Eg er skuffa. Eg synest det er feil bruk av pengar. Dei har ikkje tenkt på innbyggjarane som til sist må betale for det, seier Torgunn Eikevik, kommunestyrerepresentant i Kinn for Senterpartiet.

I tidsrommet mars 2017 til desember i fjor har det vore 30 kommunale samlingar på overnattingsstaden Knutholmen. Det viser vedlegg NRK har gjennomgått. Samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn kommune har vore hovudtemaet på nesten alle samlingane.

– Vi hadde behov for å samle både leiarar, ulike avdelingar og folkevalde då vi slo oss saman til ein kommune med 1600 tilsette. Det har vore behov for å strekkje samlingane over eit døgn, seier rådmann Terje Heggheim i Kinn.

«Havets festbord» til 700,- per person

Knutholmen ligg i nabokommunen Bremanger som sjølv har sagt nei til å bli med i Kinn, og deler den nye storkommunen i to. Den samla prislappen for samlingane kom på vel to millionar kroner. Kommunetoppane har også hatt samlingar på Gloppen hotell og Alexandra hotell i Loen.

«Havets festbord» til 700 kroner per person har vore svært populært. Retten består av mellom anna skaldyr, reker, muslingar og fleire typar kvitfisk. Inkludert er også ein variert og smakfull dessert, kaker og kaffi.

Kvitvinen «Gobelsburger Grüner Veltiner», som visstnok passar ypparleg til festbordet frå havet, har også vore populær. Utgifter til vin utgjer godt og vel 100.000 kroner

Geir Oldeide

KRITISK: – Det kan ha festa seg eit inntrykk av at kommunetoppane har levd i sus og dus på kommunen si rekning. Samtidig slit kommunen med svært anstrengt økonomi, seier Raudt-leiar i Kinn, Geir Oldeide.

Foto: Bård Siem / NRK

– Burde betale alkoholen sjølv

– Dersom ein vil nyte alkohol, må folk betale det sjølv. Ein burde vore langt meir nøktern, seier Geir Oldeide.

Han er leiar for partiet Raudt i Kinn og er svært kritisk til pengebruken.

Oldeide meiner det no kan feste seg eit inntrykk av at dei kommunetilsette har levd i sus og dus medan dei har førebudd den nye kommunen. Dette på same tid som kommunen må spare pengar.

– Signaleffekten er ikkje bra, seier han.

Kinn har ei samla lånegjeld som i løpet av neste år vil passere 2,8 milliardar kroner, viser tal frå kommunane sin organisasjon KS. Det plasserer Kinn i det øvre gjeldssjiktet blant norske kommunar.

Sp-representanten frå gamle Flora kommune har sjølv sendt inn skriftleg spørsmål om pengebruken til kommunestyremøtet i mars.

– Eg har lurt på kva pengar som har vore brukt på Knutholmen. Eg har sjølv snakka med folk som har vore med på møte som har undra seg over kvifor møta er lagt dit, seier Torgunn Eikevik (Sp) som presiserer at ho sjølv ikkje har deltatt.

Dårleg økonomi gjer at lastebil må seljast

På same tid som kommunetoppane har brukt store summar på Knutholmen, er kommunebudsjettet for Kinn dyster lesnad.

Fram til 2023 må kommunen kutte 75 millionar kroner for å kome i balanse. Både grunnskule, barnehage og helse må kutte. På teknisk avdeling må ein lastebil leggjast ut for sal fordi økonomien er kritisk.

– Vi må snu alle steinar, seier teknisk sjef i Kinn, Frode Ellingsund.

Han ønskjer ikkje å kommentere kommunen sin pengebruk på Knutholmen.

Vågsøy og Flora hadde eit samla budsjett til kommunale vegar på 15 millionar kroner i fjor. I år er det redusert til 11,3 millionar.

– Det er beklageleg, men vi har ikkje lenger råd til å ha lastebilen, seier Ellingsund.

Lastebil i Måløy

MÅ KVITTE SEG MED LASTEBIL: Kommuneøkonomien i Kinn er så anstrengt at den kommunale lastebilen må leggjast ut for sal.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Brukte 100.000 på ein middag

Utskrifter NRK har fått innsyn i viser at sluttrekninga for ei av samlingane på Knutholmen kom på heile 313.000 kroner.

Under samlinga i august i fjor, der 105 leiarar og mellomleiarar i kommunen overnatta, vart det servert nettopp «Havets festbord».

Det vart drukke 50 flasker vin til maten. Måltidet med vin kom åleine på nesten 100.000 kroner.

Kommunetoppane i Kinn har også hatt samlingar på Gloppen hotell og Alexandra hotell i Loen. Prislappen for desse to samlingane kom på vel 100.000 kroner.

Rådmannen avviser kritikk

Rådmann Terje Heggheim avviser at kommunetoppane har levd i sus og dus og poengterer at samlingane på Knutholmen har hatt viktig fagleg innhald.

– Men også den sosiale biten har vore viktig. Det å finne kvarandre som leiarar, og at eg som rådmann får fortelje kva eg ønskjer med den nye organisasjonen, har vore viktig, seier rådmannen.

Terje Heggheim, rådmann Kinn

FORSVARER PENGEBRUKEN: Rådmann i Kinn, Terje Heggheim, forstår at det blir stilt spørsmål, men han forsvarer at kommunen har brukt over to millionar kroner på samlingar i Kalvåg.

Foto: Bård Siem / NRk

– Kvifor har kommunen brukt over 100.000 kroner på vin til dei tilsette?

– Ser ein på summen isolert, forstår eg godt spørsmålet. Over 100.000 på vin er mykje pengar. Vi må likevel sjå at det har vore over ein periode på fleire år, seier Heggheim. Han legg til at regelverket har vore følgt.

Kvifor spanderer kommunen middagar til 700 kroner på dei tilsette?

– Det heng saman med at vi har gitt dei tilsette litt på desse samlingane. Dette meiner eg er greitt, seier rådmannen.

Han viser til at eit kostdøgn er 780 kroner i både stat og kommune.

– Dersom dei tilsette ikkje hadde fått mat, måtte vi betalt 780 kroner til kvar av dei, seier Heggheim.

Rådmannen fortel at det for det meste er administrativ leiing som har hatt samlingar på Knutholmen, men også politisk leiing i tidlegare Flora og seinare fellesnemnda i Kinn har hatt samlingar der.

Knutholmen i Kalvåg

IDYLL: Her på Knutholmen i det gamle fiskeværet Kalvåg har politikarar og administrasjon hatt møter for å bli kjende og stake ut vegen for nye Kinn kommune.

Foto: Pressefoto

Ordføraren støttar rådmannen

Geir Oldeide frå Raudt viser til at politikarane i fellesnemnda for Kinn godkjende pengebruken på Knutholmen.

– Politikarane der har ansvaret, ikkje administrasjonen, seier han.

Oldeide meiner samlingane i forkant av kommunesamanslåinga burde vore lagt til Måløy og Flora.

– Då kunne ein sleppt billegare unna ved at halvparten ikkje ville trenge overnatting, seier han.

Ola Teigen, ordførar i Kinn og medlem av fellesnemnda, avviser kritikken frå Oldeide.

– Vi valde å bruke Knutholmen mellom anna for å få gode og effektive samlingar. Ein kan sikkert diskutere om vi kunne ete og drukke litt billegare, men det viktigaste er at vi har klart å byggje ein ny og velfungerande kommune, seier Ap-ordføraren.

Ola Teigen

AVVISER KRITIKK: – Det viktigaste er at vi har greidd å bygge ein ny og velfungerande kommune. Samlingane vart lagde til Knutholmen for å få dei effektive og gode, seier Ola Teigen (Ap), ordførar i Kinn.

På gata i Måløy var det vanskeleg å finne nokon som meiner kommunen sin pengebruk på Knutholmen er akseptabel.

– Dette er sjokkerande mykje pengar som har vore brukt og det er spesielt ille at fellesskapet må betale for alkoholen. Det får vere måte på, seier Hilde Marriott frå Måløy.

Hilde Marriott i Måløy

SJOKKERT: Hilde Marriott frå Måløy er sjokkert over at kommunetoppane i Kinn har drukke vin for over 100.000 kroner på kommunen si rekning.

Foto: Bård Siem / NRK