– Vi vart veldig overraska. Her skal det ikkje vere positive dyr, seier spesialist i vilthelse og skrantesjuke-ekspert Bjørnar Ytrehus til NRK.
Nordfjella er eit fjellområde i Sør-Noreg, i Vestland og Viken fylke. Området er delt i to soner, sone 1 og sone 2.
I 2016 vart skrantesjuka (Chronic Wasting Disease) oppdaga i sone 1, og i løpet av eit par år vart alle reinsdyra i området skotne ned. Med det håpte styresmaktene at sjukdomen ikkje spreidde seg vidare.
NORDFJELLA: Villreinområdet er delt i to soner, 1 og 2. Sone 1 i aust er utan dyr etter uttaket i 2017. Nyleg fann ein skrantesjuke i ei jordprøve teken i sone 2.
I fjor vart sjukdomen likevel funne på
. Og no er det også funne spor av sjukdomen i ei jordprøve frå sone 2 i Nordfjella - eit område forskarane trudde var smittefritt.Funnet vart nyleg presentert under fagdagane på Geilo, melder magasinet Jeger.no. Det vekkjer uro blant både jegerar og forskarar.
– Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg høyrde om det, seier sekretær for villreinnemnda i Nordfjella, Siri W. Bøthun, til avisa Hallingdølen.
FIRE POSITIVE: Forskarar har fått positive svar på fire jordprøvar i Nordfjella. – Dei tre prøvane i sone 1 var som venta, seier Bjørnar Ytrehus.
Foto: Veterinærinstituttet i OsloBjørnar Ytrehus er usikker på korleis han skal tolke funnet.
– Vi må først analysera fleire prøvar og verifisera funnet. Er det eit reelt funn, så betyr det at det er, eller har vore, dyr som har skilt ut prion på den staden, seier Ytrehus.
Sjukt dyr på Hardangervidda og indikasjonar på sjukdom i Nordfjella sone 2 uroar spesialisten.
– Det er potensielt livstrugande for bestandane av villrein og potensielt andre hjortedyr i Noreg, seier han.
– Veldig overraska
– Det er litt betenkeleg, og vi må følgje med. På Hardangervidda tok dei prøver i fire-fem år før det plutseleg dukka opp eit tilfelle, seier Lars Nesse, CWD-koordinator for dei seks kommunane kring Nordfjella villreinområde.
Nesse er eitt av medlemene i gruppa som jobbar for reetableringa av villreinstammen som i 2017 vart teken ut i Nordfjella.
Etter planen skal stammen reetablerast med dyr frå Hardangervidda eller frå sone 2, sona mellom Hardangervidda og sone 1.
Men når gruppa møtes over helga, må dei ta med i drøftinga både funnet i jordprøven i sone 2, og det sjuke dyret på Hardangervidda.
– Etter mitt syn er det no utelukka å hente dyr frå Hardangervidda, ettersom ein har fått påvist sjukdom der. Kvar vi då skal ta dyr frå, må vi diskutere på møtet, seier Nesse.
Treng meir informasjon
Jordprøvane som er tekne i Nordfjella er viktige med tanke på planen om reetablering av reinstammen i Nordfjella. Dei vil også vere viktige for nedskytingsstrategien på Hardangervidda, melder Jeger.no.
Nesse er glad for at jordprøvar kan avdekke skrantesjuke, men veit likevel for lite om prøva i sone 2 til å bli veldig uroa. Mellom anna når prøvane vart tekne.
Han meiner difor at ein må ha meir is i magen enn i 2017. Då det gjekk kort tid frå sjukdomen vart tilfeldig oppdaga, til styresmaktene vedtok å ta ut heile stammen.
– All den tid det ikkje er funne noko på dyra der, så kan ein ikkje gjere store inngrep i flokken berre med å finne prion i bakken, seier han.
Kanskje utsetting
Enn så lenge held han seg til at reetableringa i sone 1 går som planlagt. Det vil sei at arbeidet startar når området har ligge brakk i fem år - tidlegast i 2023.
– Det kan hende at det går eitt eller to år til, men eg reknar med at vi vil få ut dyra når tida er der, seier han.
Nesse vedgår likevel at dei siste funna byr på utfordringar.
– Den største utfordringa er at Hardangervidda blir utelukka som ein bestand du kan hente dyr frå. Då må du sjå etter dyr andre stadar.
– Kvar då?
– Det er ikkje diskutert endå, men vi har 24 villreinområde i Noreg. Moglegheitene er der. Men det blir meir tungvint.