Hopp til innhold

Kommune kjenner seg snytt – får ikkje bruke «eigen kraft»

Nye bedrifter vert nekta straum. No aukar presset på å endre reglane.

Lutelandet vindpark

LUTELANDET: Sterke krefter tek til orde for å endra spelereglane slik at dei som ofrar naturverdiar til gjengjeld får «snika» i straumkøen. Visjonen om Lutelandet industripark er tidlegare blinka ut som ein prioritert «hub» i Grøn Region Vestland.

Foto: SFE

Nye kraftkrevjande bedrifter i Fjaler kommune får ikkje kopla seg på straumnettet, sjølv om eit vindkraftverk er opna i same område.

I staden seier Statnett at bedriftene må stille seg i kø, og der bør dei ta med seg sovepose.

Saka vart fyrste gong omtalt i Firda.

I praksis kan det ta opp mot ti år før Lutelandet industripark får straum til eigen bruk.

Avgjerda har skapt sinne i heile landsdelen, som la til grunn at vindparken kom i byte mot næringsutvikling og andre gevinstar i nærområdet.

Eg vert mismodig, seier Vestland-ordførar Jon Askeland (Sp) til NRK.

Her leier vi an i det grøne skiftet, og så får vi dette i retur?

Statnett grunngir avgjerda med at dei er bunde av Energiloven, som slår fast at lokale interesser ikkje er ein faktor når straumkvotane blir fordelte.

Dei einaste gyldige kriteria er tidspunkt for søknaden («førstemann til mølla») og kor modent prosjektet er.

Historisk har den norske industrireisinga skjedd i tett tilknyting til kraftproduksjonen, symbolisert ved industrisamfunn som Odda, Rjukan, Sunndalsøra, Årdal og Høyanger.

Lutelandet

Ifølgje Energikommisjonen bør Noreg auka kraftproduksjonen med 40 TWh innan 2030 for å nå sine klima- og industripolitiske mål.

Foto: SFE

Lokale interesser bør vera eit kriterium

No tek fleire til orde for at tildelingskriteria vert endra slik at dei som ofrar naturverdiar til fordel for kraftproduksjon til gjengjeld får «snike» i straumkøen.

– Samlokalisering og lokale interesser bør vera eit kriterium, seier Tom-Christer Nilsen i Bergen næringsråd.

Energipolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, seier at «tida er overmoden» for å sjå på andre kriterium enn førstemann til mølla.

At det leggjast vekt på lokale ringverknadar og arbeidsplassar må vere heilt naturleg, seier han.

Før jul kom det til open disputt mellom NVE (ved RME) og Statnett då førstnemnde bad Statnett om å gjera greie for kvifor så mange bedrifter må stå i kø for å få straum.

Spørsmålet kom i det som vart karakterisert som eit «strengt brev» av energinettstaden Europower.

«Kø er den nye normalen», kvitterte Statnett i eit like skarpt tilsvar.

5. januar hadde partane «oppvaskmøte» og kom ut igjen som venner.

I ein felles uttale slo dei fast at dialogen var god og at dei var samde om tiltak for å betra kapasiteten i kraftnettet.

På same tid varslar regjeringa at dei vil gjennomgå reglane for kven som skal få straum, og i kva rekkefølgje (sjå svar under).

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

– Eg forstår godt at dei er frustrert i Fjaler. Har du avstått natur og areal, må lokalsamfunna få noko igjen, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Jon Askeland

– Satt på spissen, så er det ikkje vits i å ofre meir natur for utbygging av fornybar energi i Vestland på kanskje ti år, seier Jon Askeland (Sp). Her samen med Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen.

Åslaug Haga - vindkraft

– Det same som me ser i Fjaler skjer mange andre stader i landet. Alt skal elektrifiserast, noko som betyr at me har eit enormt behov for meir kraft og nett, seier Åslaug Haga i Fornybar Norge.

Vil velta Statnett-monopolet

Trass forsikringar frå Statnett om at dei skal investera mellom 100–150 milliardar kroner i «motorvegane» i det norske kraftsystemet, har stemmer på Stortinget teke til orde for å velte Statnett-monopolet.

Grunngjevinga er at selskapet ikkje jobbar raskt nok med å dimensjonere kraftnettet for det grøne skiftet.

Ifølgje Straumnettutvalet er ventetida på nye regionale og nasjonale kraftlinjer på mellom 7 og 14 år.

På Austlandet vil det for fleire bedrifter ikkje vere plass til å kopla seg på straumnettet før i 2030-2035, varsla nettleverandøren Elvia i ei pressemelding før jul.

Låg byggjeaktivitet og opphopinga av søknadar var ein del av grunngjevinga då olje- og energiminister Terje Aasland instruerte NVE til å oppretta eit «hurtigspor» for å fart på utbygginga av kraftnettet.

Montørene vasker isolatorskåler

Lutelandet industripark skulle skape 300 arbeidsplassar i Fjaler.

Havvind

– På lang sikt er det berre tre tiltak som monnar: Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Lutelandet industripark

På Vestlandet har næringsparkar på Mongstad, i Skipavik, Kollsnes og Ågotnes i lengre tid «skrike» etter kraft og linjer til å føra ho fram.

Avgifter skal «blidgjere» vertskommunane

På produksjonssida har regjeringa auka avgiftsnivået på landbasert vindkraft for å kompensere og «blidgjere» vertskommunane som ofrar naturverdiar for å auka kraftproduksjonen.

Leiar av Fornybar Noreg, Åslaug Haga, seier at «den norske energipolitikken er laga for ein heilt anna tid».

Det er ingen gode grunnar til at det skal trenge å ta så lang tid å få opp kapasiteten i straumnettet som det gjer i dag. Det seier seg sjølv at 7 til 14 år er heilt håplaust når det er klimamål som skal vere nådde om knappe seks år.

Les også Kraftpolitikarar vil velte Statnett-monopolet

Statnett på vaskejobb