Hopp til innhold

Nye arbeidsplassar i Jostedalen

Både Jostedalen Industrier og Bionordic planlegg no å opprette salskontor i utlandet.

Kurt Brun er medeigar i begge selskapa, og går det som han vil, kan satsinga føre til 15 nye industriarbeidsplassar i Luster kommune.

 

Dobling og kanskje meir

- Vi har ikkje heilt tort å tenkje tanken på kor mange vi eventuelt blir, men vi snakkar iallfall om ei dobling av dagens arbeidsstokk, og kanskje meir.

Sjukehussenger

Kurt Brun var heilt åleine då han for ti år sidan starta Jostedalen Industrier, eit selskap som etter kvart har spesialisert seg på produksjon av medisinteknisk utstyr, som til dømes sjukehussenger.

Bionordic lagar pelletsomnar

Brun er også hovudaksjonær i Bionordic, som lagar pelletsomnar. Begge selskapa er lokaliserte i same bygget i Jostedalen og har i dag til saman 16 tilsette. No har dei planar om å utvide produksjonen, og då må dei utvide marknaden til også å gjelde utlandet, seier Brun.

 England og Tyskland

- Vi held på med å utvide fordi vi har for liten plass i dag, og då må vi og produsere meir for å forsvare utvidinga. Då må vi til utlandet, for Noreg blir for lite. Vi skal ha folk som sel for oss i England og Tyskland.