Hopp til innhold

Ny vegmerking skal hindre ulukker

Ei ny type vegmerking, der det blir fresa rillar i asfalten, skal halvere talet på alvorlege møteulukker i fylket.

Det seier Hans Olav Hellesø som er overingeniør i Statens vegvesen. Hellesø seier ein vil merke det godt dersom ein er på veg over i motsett køyrefelt.

– Dette er for å vekkje folk. Forskning viser at folk vaknar av dette og det viser seg at møteulukkene blir halvert der det er slik fresing.

Vil oppleve vibrasjon

Det finst merking med rillar også i dag, men den nye metoden som blir kalla sinus-merking skal vere langt meir effektiv. Ein vil merke det godt dersom ein er på veg over i motsett køyrefelt.

– Når bilane kjem i dette området, blir det ein vibrasjon i bilen. Dette vil høyrast og opplevast i bilen, men som ingen andre høyrer.

Krev to køyrebanar

Nils Magne Slinde

ØNSKJER MERKING: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde vil ha sinus-merking.

Foto: NRK

Så langt er det gjennomført sinus-merking berre på eit par korte strekningar på Austlandet, som eit prøveprosjekt. No ønskjer avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens Vegvesen å starte slik merking på permanent basis her i fylket.

– Det kan vere aktuelt når dette kjem inn i retningslinjene for korleis slik oppmerking skal gjennomførast. Vi vil ta det i bruk, men det krevs to køyrebanar og det må vere breie nok. Særleg dei som køyrer tunge køyretøy tykkjer det er ubehageleg dersom dei må ha eit hjulsett oppi der.

Færre liv går tapt

Hans Olav Hellsø har tru på at effekten blir god om slik merking blir innført.

– Vi som jobbar med trafikktryggleik ser at det har ein positiv effekt. Over tid vil det lønne seg fordi færre liv går tapt og at det blir billigare å drifte vegnettet.