Hopp til innhold

– Kvinne valdteken på utestad i Bergen

Politiet i Bergen har fått inn ei ny valdtektssak etter 17. mai-helga. Frå før er det komme inn tre valdtektssaker og eit valdtektsforsøk denne helga i Bergen.

– Ei kvinne har tatt kontakt med oss og fortalt om ei valdtekt på ein utestad i Bergen, seier leiar for valdsavsnittet Rigmor Isehaug ved Bergen sentrum politistasjon.

Det var Bergensavisen som først skreiv om den siste meldinga. Kvinna er i 20-åra og hendinga skjedde natt til 18. mai. Valdtektssaka er den fjerde politiet i Bergen har fått inn etter 17. mai-helga i Bergen, men ei sak er lagt vekk.

Tre valdtektssaker

Dermed står politiet med tre valdtektssaker og eit valdtektsforsøk å etterforska etter helga.

  • Den eine valdtekta har skjedd på eit rom hjå YMCA i Bergen sentrum, natt til 18. mai. Ei 18 år gamal jente har meldt forholdet til politiet. Ein mann var i avhøyr med politiet i går.
  • Same natta skal ei 17 år gamal jente ha blitt valdteken etter å ha blitt plukka opp av ein bil i Strandgaten. – Vi har lite opplysningar og jobbar med saka, seier Isehaug.
  • Ei kvinne i 20-åra melde i går frå til politiet om at ho hadde blitt valdteken på ein utestad i Bergen sentrum

Isehaug fortel at kvinna møtte opp hjå politiet i går og gav si forklaring.

– Har de ein mistenkt i den siste saka som kom inn i går?

– Ja, det meiner eg at vi har, svarar Isehaug.

– Bra at kvinnene tek kontakt

I tillegg til dei tre valdtektene, har også ei ung kvinne blitt forsøkt valdteke like ved utestaden Exodus natt til 17. mai.

– Det har vore ei seksuell handling utan samtykke. Vi har få opplysningar om gjerningsmannen i denne saka, sa Isehaug til NRK i går.

Politiet gjer no naudsynte avhøyr og tekniske undersøkingar i alle sakene. Isehaug vedgår at tala er høg samanlikna med ei vanleg helg, men at tala varierer tilfeldig.

– Det er trist at det skjer slik ting, samstundes er det bra at kvinnene tek kontakt med oss slik at vi får gjort jobben vår.

– Vi veit det er store mørketal, men vi skal ikkje berre etterforske. Vi skal også førebyggje og då er det bra at det kjem fram.