Hopp til innhold

Ny undersøking: Fleire nordmenn positive til vindkraft

Etter aukande skepsis dei siste åra har vinden snudd. Forskarane er sikre på det har samanheng med høge straumprisar.

Vindmøllepark Fitjar

MIDTFJELLET; FITJAR: I ei fersk undersøking svarer 37 prosent av dei spurde at dei er positive til å bygge ut vindkraft på land.

Foto: Siri Løken, NRK

Skal vi bygge fleire vindturbinar på norsk jord?

Spørsmålet splittar folket.

Guro Hammari

Guro Hammari:

– Eg er negativ. Ein må i alle fall ta meir omsyn til kvar dei vert bygd.

Olav Slettvoll:

Olav Slettvold:

– Eg er positiv. Vi treng meir straum, og vindkraft er rein samanlikna med andre kraftkjelder.

Og det er han ikkje åleine om.

Vinden har snudd

I ei fersk undersøking utført av Universitetet i Bergen svarer 37 prosent av dei spurde at dei er positive til å bygge ut vindkraft på land.

I fjor var det berre 30 prosent som var positive.

– Årsaka til endringa er nok at mange opplever at vi treng meir straum, og ser på vindkraft på land som ein enkel måte å få det til på, seier Kristin Guldbrandsen Frøysa, fagdirektør på UiB.

Framleis er det eit fleirtal mot vindkraft på land. 40 prosent seier dei er negative. Det er sju prosentpoeng færre enn i fjor.

Undersøkinga vart gjort i første halvdel av sumaren, og Frøysa trur tendensen har styrka seg etter dette. 1002 personar er spurde.

– Men samstundes er det verdt å merke seg at det er stor motstand mot prosjekta i nærområda. Det er sterke kjensler kring dette.

Regjeringa glade for undersøkinga

Regjeringa vil gjerne ha vindkraft på land, men er avhengige av velvilje frå kommunane.

– Det er positivt at stemninga er i ferd med å snu, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Han meiner mykje av motstanden har kome av manglande dialog med naboar og kommunar.

– Vi er i ein alvorleg energisituasjon no. Vindkraft på land har vere ein del av løysinga. Men denne regjeringa er opptekne av å spele på lag med dei lokale.

Aasland trur dei høge kraftprisane kan føre til at fleire blir positive til nye utbyggingar.

– Eg trur det, og eg håper det. VI treng meir vindkraft på land.

Positive til havvind

Undersøkinga frå UiB syner at det er store regionale skilnader. Folk på Vestlandet, Trøndelag og i nord er mest skeptiske til vindkraft.

Her seier kring 30 prosent at dei er positive til vindkraft på land. I resten av landet er meir enn 40 prosent positive.

Nordmenn er framleis langt meir positive til vindkraft til vanns enn til lands.

63 prosent er positive til havvindmøller, berre 15 prosent er negative.

– Eg trur mange ser på havvind som eit svar for framtida. Vi forventar at folk framleis vil vere positive til offshore vindkraft, seier Kristin Guldbrandsen Frøysa.

Kristin Guldbrandsen Fausa, fagdirektør UiB, er ein av forskarane bak undersøkinga.

Kristin Guldbrandsen Frøysa, fagdirektør for energi på Universitetet i Bergen.

Når det gjeld vindkraft, til havs peiker folk i Nord-Noreg seg ut som mest negative. Her svarer berre rett over halvparten av dei spurde at dei er tilhengarar av denne typen kraftutbygging.