Hopp til innhold

Ny undersøking: Éin av tre ukrainarar vil ikkje reise heim

Kvar tredje flyktning vil ikkje returnere til Ukraina. Men regjeringa står på at dei skal tilbake.

Ukrainske flyktningar på veg over grensa frå heimlandet

Ukrainske flyktningar på veg mot Noreg tidleg i krigen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er ikkje lett å vite kva framtida vil bringe.

Dei levde det dei sjølv kalla eit heilt vanleg liv heime i Ukraina. No bur familien Kameiev i ein leilegheit i Askøy i Vestland.

Vil dei reise tilbake?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. No har eg jo jobb. Eg kan norsk. Eg veit rett og slett ikkje, seier Hanna Kamenieva.

Ho seier det er så mange usikre element. Kor lenge vil krigen vare? Kor herja er heimbyen, ikkje langt frå fronten? Står heimen deira framleis?

– Eg trur det er mange som er usikre fordi dei ikkje veit korleis det blir i Ukraina, seier ho som jobba i finansdepartementet før ho måtte flykte.

Familien Kameniev

Familien Kameniev på Askøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

34 prosent vil bli

Det er over 65.000 ukrainske flyktningar her i landet. Dei fleste er usikre på om dei vil reise heim att.

Det syner ei undersøking frå Oslo Met. Dei føl fortløpande med på kva ukrainske flyktningar tenker om livet i Noreg.

54 prosent av dei er usikre på om dei vil bli eller reise heim.

34 prosent seier dei allereie har bestemt seg for at dei vil at Noreg skal bli deira nye heimland.

– Majoriteten svarer dei er usikre. Det avheng av kor lenge krigen varer og korleis Ukraina er etter den er over, seier forskar Vilde Hernes.

– Men talet av dei som seier dei vil bli her permanent stig. Det er naturleg. Folk slår røter i Noreg.

Hernes seier det kjem til å bli ei stor utfordring for norske styresmakter kva dei skal gjere når krigen er over og dei skal bestemme kven som skal få bli i Noreg.

Vilde Hernes ved OsloMet

Forskar ved NIBR på Oslo Met, Vilde Hernes

Foto: Sonja Balci / OsloMet

– Mange dilemma

– Ukrainarane er her på kollektiv mellombels vern. Det er utgangspunktet.

Det seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap). Med andre ord, ukrainarane skal attende etter krigen.

– Den ukrainske presidenten Zelensky sjølv er jo tydeleg på at han ønsker ukrainarane heim den dagen det vert fred, seier Brenna.

Brenna seier ho forstår at mange no kjenner band til Noreg etter år med skulegang og nettverk i Noreg.

Utfordra på korleis dei skal takle ein situasjon der mange vil bli i Noreg, svarer statsråden at dei forstår at det kan bli vanskeleg.

– Det er spekka med dilemma knytt til denne konflikten. Det handlar om midlertidigheit, returar og at ukrainarane sjølve ønsker sine heim.

– Eg fokuserer på korleis denne gruppa skal kunne integrerast på best mogeleg vis i Noreg, om det er på kort eller lang sikt.

Tonje Brenna

Tonje Brenna seier utgangspunktet er at ukrainarane er her mellombels.

Foto: William Jobling / NRK

Uvissa skaper problem

Mange av kommunane NRK har vore i kontakt med seier dei slit med at dei ikkje veit heilt kor lenge dei kjem til å ha ukrainarane hjå seg.

Det kan vere vanskeleg å skalere opp skular, eller tilsetje fleire innan helsesektoren når alt er mellombels.

– Det har vore praktiske utfordringar med at ein ikkje veit kor lenge flyktningane blir, seier ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap).

Ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang kommune.

Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang i Vestland.

Foto: Tale Hauso

– Det er til dømes vanskeleg å få førarkortet frå Ukraina godkjend.

Vilde Hernes ved Oslo Met ser at det skaper problem at ingen veit kor lenge dagens situasjon vil vare.

– Det gjer at korkje ukrainarane eller kommunane kan tenke langsiktig. Og for ukrainarane skaper det utryggleik. Det er meir vanskeleg å investere i å bli integrerte når signalet er at dei er her på lånt tid.

Det er no over to år sidan dei første ukrainske flyktningane kom til Noreg.