Hopp til innhold

Heilt ny tunell har stått ubrukt i eit halvt år - folk må køyra på rasfarleg veg

Tunellen har vore ferdig i fleire månader, men pendlarar og andre må framleis køyra på den rasfarlege gamlevegen. – Strir mot sunn fornuft, meiner ordføraren.

Krokatunellen i Kvinnherad

PRIORITERT: Krokatunellen er eit prioritert rassikringsprosjekt i Vestland fylke. Men nye krav gjer at tunellen no har manglar før han i det heile er teken i bruk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er irriterande. Månadsvis etter at tunellen er ferdig, må skuleungar, pendlarar og andre framleis køyra gamlevegen. Det forstår eg ikkje.

Jan Gunnar Strand, dagleg leiar i Ænes Inkubator

Jan Gunnar Strand har opplevd å få stein i taket når han har køyrt på den skredutsette strekninga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Jan Gunnar Strand er dagleg leiar i verksemda Ænes Inkubator og pendlar frå Ullensvang til Kvinnherad.

Den skredutsette strekninga på fylkesveg 500 er den einaste landfaste vegen ut og inn frå Kvinnherad.

Me er 26 tilsette, og nesten alle pendlar. Det har vore nære på, med steinnedfall og ras. Eg har sjølv fått stein i taket på bilen.

Ras på Fv 500 sør for Sunndal i Kvinnherad

Fylkesveg 500 er utsett for skred av stein, is og snø. Her frå eit skred, som gjekk i mars 2023.

Foto: Politiet

Mange innbyggarar tek kontakt med kommunen

Prosjektet med å skredsikra vegen mellom Folgefonntunnelen i Ullensvang og Årsnes i Kvinnherad blei godkjent i 2021.

Krokatunellen på 1400 meter utgjer den største delen av prosjektet, som har ein kostnad på 450 millionar kroner.

Les også Politikarane i rasfylket Vestland strauk setning om å prioritera rassikring

Tokagjelet

Opninga av tunellen er utsett fleire gonger. Ordførar i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik (H), er lei.

Allereie i vinter var det mogleg å køyra gjennom tunellen. Mange innbyggarar tek kontakt med kommunen. Dei stiller spørsmål ved risikoen med å køyra i det rasutsette området.

Det er vanskeleg å forstå at ein ikkje bruker sunn fornuft og får opna tunellen så fort som mogleg, meiner Bjørnevik.

Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad

Ordførar i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik (H), meiner det fornuftige er å få trafikken inn på tunellen så fort som mogleg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nye krav til tryggleik i tunellane

Nye tolkingar av regelverket gjer at opninga av Krokatunellen er blitt utsett.

Det må installerast eit system for å oppdaga brann automatisk i tunellen. Fram til det er på plass, har fylket no fått eit mellombels løyve. Planen er å opna for trafikk før fellesferien.

Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Bjørnar Eidsnes, vil ikkje stilla til intervju, men svarer NRK skriftleg på spørsmål.

Det er uklart kva tid arbeidet med systemet kjem i gang eller korleis det vil påverka trafikken.

– Truleg blir det styrt trafikkavvikling eller nattestenging under installasjonen. Sidan dette kravet er nytt, har eg ikkje meir informasjon på noverande tidspunkt, skriv Eidsnes.

I kommentarfelt og blant folk blir det ymta om at tunellen også er bygd for smal. Det avviser Eidsnes.

– Eg kan stadfesta at tunellen ikkje er for smal.

Vegarbeid på fv. 500 i Kvinnherad kommune

Det går føre seg vegutbetring og skredsikring mellom Folgefonntunnelen i Ullensvang og Årsnes i Kvinnherad.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er Vegdirektoratet som, i samråd med Samferdsledepartementet, har endra på krava i forskriftene som handlar om tryggleiken i tunellane.

Kort samanfatta dreier det seg om å sikra at dei tunellane som ikkje har videoovervaking frå Vegtrafikksentralen, har eit anna system for å automatisk oppdaga brann, seier Lisa Bakken Vikan, som er seksjonsleiar i Vegdirektoratet.

Endringane råkar også prosessen med å godkjenna Mettevolltunnelen på E6 i Nordreisa i Troms, ifølgje Vikan.

Det er ikkje slik at tunnelane i dag er utrygge, men med oppfylling av kravet vil tryggleiken i tunnelane bli endå betre.

Les også Ny utsett frist for oppgradering av tunnelar

Tunneloppgradering.