Ny trend: På denne garden kan dyr leve utan å produsere mat

Gardsbruk der husdyr kan få leve som kjæledyr utan å produsere noko er ein veksande trend i Noreg. – Det er forskjell på husdyr og kjæledyr, seier Noregs bondelag.

Camilla Hovstad ved Frøya Farmen

FRITT BEITE: – Ved denne garden kan dyr få leve utan press om noko produksjon, seier Camilla Hovstad ved Frøya Farmen.

Foto: Privat

– Her kan husdyra få komme og bli tatt vare på slik me tek vare på ein katt eller ein hund, seier Camilla Hovstad.

Nyleg flytta ho inn på ein gamal gard ved Sørbøvåg i ytre Sogn, for å starte opp ein «animal sanctuary». Der kan til dømes husdyr leve som vanlege kjæledyr, utan å måtte produsere verken egg, mjølk eller kjøtt.

Dyrefristaden, som det også kallast, er ein del av ein veksande trend i Noreg.

Geitene kosar seg ute på Askøy Dyrefristed.

FRISTAD: Geitene kosar seg ute på Askøy Dyrefristed.

Foto: Privat

– Alt for mange dyr lev dårlege liv

På Frøya Farmen er ein liten draum i ferd med å gå i oppfylling for Hovstad. Her skal ho leve side om side med dyr, med nærare 400 mål å boltre seg på.

Men det er ikkje berre for moro skuld at ho vel å gjere dette. For sjølv om ho ønskjer å leve nær dyr, er det også ein anna årsak til at ho no vel å drive ein gard på denne måten.

– Alt for mange dyr lev dårlege liv og vert slakta over ein lav sko. Vi er blinde for produksjonsdyr si liding. Det er ikkje nødvendigvis slik dei ønskjer å leve livet, seier ho.

Fleire vil satse

Ho er ikkje åleine om å tenkje det same. For eit år sidan starta Jenny Micko opp Askøy Dyrefristed, saman med ektemannen.

– Alle gardar burde ha vore ein dyrefristad. Mange vert dårleg varetatt, og treng nokon som kjempar for dei, seier ho.

Jenny Micko og hanen Stein Helge

DYRELIV: Jenny Micko og ektemannen driv Askøy Dyrefristed. Her er ho saman med hanen Stein.

Foto: Privat

I løpet av året har dei gått frå å ha 13 til 64 dyr på garden. Dei tar i mot alt frå kattar med leddgikt til duer på rehabilitering. Micko må jobbe frå heimekontor for å kunne halde det gåande, økonomisk sett.

– Det er jo mykje arbeid, stress og sorg til tider. Men det er verdt det. Dyr har det betre når dei ikkje blir sett på som eit produkt, seier ho.

Ho veit om fleire andre gardar rundt om i landet som også driv med det same, til dømes Dale Store Gård i Fredrikstad.

Anette Westgaard og kjærasten Andreas Bjørnebye starta Dale Store Gård i 2015, og var den første av sitt slag i Noreg. No merker dei at stadig fleire ønskjer å starte opp.

– Det er vanskeleg å sei kor mange slike dyrefristadar det er i Noreg i dag, men vi blir stadig kontakta av folk som ønskjer å lære meir og som vil starte opp sjølv, seier Anette Westgaard.

Ho legg til at behovet for aktørar er veldig stort, og sjølv har dei 55 dyr på garden sin i dag.

Anette Westgaard og Andreas Bjørnebye driv Dale Store Gård i Fredrikstad.

FØRST I NOREG: Anette Westgaard og kjærasten Andreas Bjørnebye starta dyrefristaden Dale Store Gård i 2015 og var dei første aktørane i Noreg. Her er dei saman med nokre av geitene og minigrisane som bur på garden.

Foto: Ola Waagen

Tar dyrevelferd på alvor

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Noregs bondelag meiner det er bra at folk er opptatt av dyrevelferd. Samstundes er ho ikkje samd i at norske husdyr ikkje har det bra.

– Eg kan forsikre om at dei har det godt, og me jobbar stadig for å bli betre, seier ho.

Ho påpeiker at det er forskjell på kjæledyr og husdyr, og at det difor er ein grunn til at dei vert behandla ulikt.

– Poenget med å drive husdyrproduksjon er å skaffe folket mat. Det er jo ein del av det naturlege kretslaupet. Då er det viktig at dyra har det godt og det legg norsk landbruk stor vekt på, seier ho.

Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag

FOKUS PÅ DYREVELFERD: – Det er viktig at dyra har det godt og det legg norsk landbruk stor vekt på, seier generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Noregs bondelag.

Foto: Eivor Eriksen / Norges Bondelag