Hopp til innhold

No kostar blandingshundar meir enn rasehundar

Puddelblandingar vert selt for meir enn 40.000 kroner. Det er det dobbelte av kva dei vanlegaste rasehundane kostar.

W5DypwbvPxw

FØRTI TUSEN: Folk er villige til å betale meir enn 40.000 kroner for ein blandingskvalp av typen labradoodle.

Foto: Marko Säävälä/TT / TT NYHETSBYRÅN

19/4 klokka 18.30: Saka er oppdatert med at Dyrebeskyttelsen, der veterinær Åshild Roaldset er dagleg leiar, er i ein pågåande rettsprosess med Norsk Kennel Klub som motpart.

Tradisjonelt har reinrasa hundar med stamtavle kosta meir enn blandingshundar.

No er det teikn til at dette vert snudd på hovudet.

Den siste tida har dei mest kostbare hundane på Finn.no vore ulike puddelblandingar. Dei einaste reinrasa kvalpane på same prisnivået er pomerian.

Til dømes må du no betale meir for ein kvalp som er blanding mellom labrador og puddel, enn ein reinrasa labrador.

Les også Populære blandingshundar med «trippelpels» skaper floke for frisørane

Muffins Kråkebolle

Meir enn 40.000 kroner

Blandingshundar, som til dømes cockapoo og labradoodle, tilfredsstiller ikkje kravet for å bli registrert i Norsk Kennel Klub (NKK).

Men sjølv om puddelblandingane er «utanfor det gode selskap», er folk villige til å betale det kvalpen kostar. I enkelte tilfelle meir enn 40.000 kroner.

Det kan vere dobbelt så mykje som ein rasehund.

– Kvalpar frå dei vanlegaste rasehundane ligg mellom 20.000 og 25.000 kroner, alt etter kor populære og ettertrakta rasen er, seier kjelder i NKK.

I tillegg spelar utstillingsresultat, titlar på kvalpane sine foreldre og rasepopulariteten inn. Då kan prisane vere høgare.

Skjermdump av melding

ORKAR IKKJE HETS: NRK har vore i kontakt med fleire som har lagt ut kvalpar for sal på Finn.no. At puddelblandingar er eit omdiskutert tema viser att i svara.

Mange «hatar» blandingshundar

NRK har vore i kontakt med oppdrettarar som sel puddelblandingar på Finn.no.

Fleire fortel at dei ikkje ønskjer å la seg intervjue fordi spørsmålet er «sensitivt».

– Eg orkar rett og slett ikkje å eksponere meg sjølv for stygge meldingar, seier ein av seljarane til NRK.

Bakgrunnen er at fleire skuldar marknaden for puddelblandingar til å vere ute av kontroll.

Les også Domstolen: Forbudt å avle disse hunderasene

Hundreraser

Blandingshundar er betre enn sitt rykte

– Blandingshundar er statistisk sett friskare enn rasehundar, seier Åshild Roaldset.

Ho er veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, og viser blant anna til ein studie frå 2018.

– Det viktigaste er at begge foreldra er friske, uansett om det er blanding eller rein rase.

Ho legg til at innavl er eit så stort problem blant fleire reinrasa hundar, at ein ikkje vil få dei fullforsikra. Dyrebeskyttelsen er no i ein pågåande rettsprosess med Norsk Kennel Klub.

– Det er betre å betale over 30.000 kroner for ein frisk blandingshund, enn 20.000 kroner for ein reinrasa hund som er avla med sjukdomsgaranti. Då må du kanskje ut med 100.000 kroner i veterinærutgifter seinare.

19/4: Etter at artikkelen blei publisert har det blitt lagt til lenkje til forsking.

Les også Disse norske hunderasene kan dø ut

Lundehundvalper