Hopp til innhold

Vanskeleg for lærarar å oppdage KI-juks: – Eg har sikkert blitt lurt

Lærar Eirik Førde har ferska elevar i KI-juks, men tvilar ikkje på at fleire slepp unna. Han er ikkje aleine om å bli lurt, ifølgje ein ny studie.

Eirik Førde, lærar ved Amalie Skram vidaregåande skule

MÅ TENKE NYTT: Etter KI kom for fullt har Førde fleire munnlege vurderingar av elevane.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Eg har hatt elevar som har levert inn tekst skrive av kunstig intelligens (KI). Den gongen var det lett å avsløre, fordi eg veit jo korleis elevane skriv til vanleg, fortel Eirik Førde, lærar på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Han peiker på at skuleelevar har juksa også før KI kom.

Og dei vil jo ta i bruk nye verktøy for å jukse. Så eg har sikkert blitt lurt.

Ifølgje ein ny studie er nok ikkje Førde den einaste læraren som har oversett KI-juks blant elevane.

Dårlege til å skilje tekst skriven av KI og elevar

Ein ny studie gjennomført på lærarstudentar og lærarar i Tyskland og Sveits tydar på at lærarar slit med å avsløra KI-juks.

I studien skulle lærarane skilje mellom tekstar skrivne av ChatGPT og elevar på 11. trinn, som svarar til første trinn på norsk vidaregåande skule.

Både lærarane og lærarstudentane trudde at over halvparten av dei KI-genererte tekstane var skrivne av elevar.

Studien viser også at lærarane trur dei er flinkare til å skilje mellom tekstar skrivne av KI og elevar, enn dei faktisk er.

Dårleg skrivne tekstar antok lærarane ofte var skrivne av elevar.

Forskarane meiner difor at mange ikkje veit at KI kan produsere tekstar med skrivefeil og dårleg grammatikk.

– Dei fleste som juksar blir ikkje tekne

Elevar frå St. Paul skule

Ethan Lasrado og Artem Bragin trur dei færraste som juksar med hjelp av KI blir oppdaga.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Ethan Lasrado og Artem Bragin i 10. klasse på St. Paul skule i Bergen brukar ofte KI som støtte i skulearbeidet. Dei kjenner mange som har brukt KI til å jukse.

– Ja, det er mange som har gjort det, seier Ethan.

Dei fortel at KI ofte genererer grammatisk gode tekstar med mange framandord, men at ein enkelt kan be KI om få teksten til å likne på noko ein elev ville skrive.

Det gjer det vanskelegare å avdekke om det er elev eller KI som har skrive teksten.

Har dei som har brukt KI til å jukse blitt tatt?

– Ingen, seier Ethan.

– Jo, på ei innlevering var det ein i klassa vår som blei tatt, korrigerer Artem.

– Men dei fleste blir ikkje tekne, seier Ethan.

– Må endre måten vi jobbar på

chat gpt - robot ndla Bjørn Lyngedal

Bjørn Lyngedal meiner at skulesystemet må tenke nytt på korleis ein vurderar elevar sitt arbeid framover.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland Fylkeskommune, seier at studien peikar på fleire utfordringar.

Vi ser at plagiatkontrollen ikkje lenger fungerer på KI-genererte tekstar. Utviklinga går så fort at den jamne lærar ikkje greier å følge med og forstå.

Bjørn Lyngedal direktør for opplæring og kompetanse, Vestland Fylkeskommune

Med KI som vanleg hjelpemiddel kan det vere vanskeleg både å avgjer kvar grensa for juks går og å avsløre juks.

Lyngedal trur vi bevegar oss mot «det store paradigmeskiftet» i opplæringssamanheng.

– Metoden med lange prøver og gjentaking av konkret kunnskap, den tida er kanskje over.

Han meiner at skulesystemet i større grad må vurdere elvane sine læringsprosessar enn sluttresultatet.

Les også Kunstig intelligens: KI-sjef på UiT foreslår revurdering av eksamen

Vil endre eksamenssystemet

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, Ap.

– Det viktigaste er ikkje å vere først ute, men å bruke teknologien riktig, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Foto: Mats Rønning

KI utfordrar dagens eksamenssystem og stiller nye krav til korleis lærarane vurderar elevane, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Kunnskapsdepartementet har i den samanheng bedt Utdanningsdirektoratet (Udir) om å ta ein heilskapleg gjennomgang av dagens eksamenssystem på vidaregåande skule.

– Vi ser på å fjerne førebuingsdelen til eksamen, nettopp for at eksamen skal bli meir rettferdig og reflektere eleven sitt sjølvstendige arbeid og deira læring.

For den løpande vurderinga lærarane gjer av elevane gjennom heile året har Udir kompetansepakkar lærarane kan støtte seg på. Desse oppdaterast fortløpande.

Det vil kome ein utvida kompetansepakke og rettleiar i juni, fortel Nordtun.

Amalie Skram videregående skole

På Amalie Skram vidaregåande skule har lærarane allereie begynt å justere vurderingsmetodane etter inntoget av KI.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Legg meir vekt på det munnlege

På Amalie Skram vgs. er Førde ein av lærarane som allereie har justert vurderingsmetoden. Han har meir fokus på oppfølging av eleven i læringsprosessen og gjer fleire munnlege vurderingar.

KI ser han hovudsakleg som ei fantastisk moglegheit i skulen, men seier også at det er utfordringar.

– Det vi lærarar treng er klare retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet, fylkeskommunen og opplæring og kursing i KI-verktøy.

Les også Skoler sliter med KI. Nå varsler regjeringen at de vil ta grep

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, Ap.