Hopp til innhold

Ny studie: Høg bruk av reingjeringsmiddel gir auka risiko for astma hos framtidige barn

Barn av mødrer i yrke med høg eksponering for kjemikaliar hadde 71 prosent auka risiko for å utvikle astma. – Sprayprodukt er dei farlegaste, seier forskar.

Rengjøringsmidler

VASKEMIDDEL: Å bruke vaskemiddel i sprayform kan vere dårleg nytt for lungene. (Arkivfoto)

Foto: Britt Boyesen / NRK

Bruk av reingjerings- og desinfeksjonsmiddel kan få helsemessige konsekvensar for utsette kvinner sine framtidige barn. Det viser ein ny studie frå Universitetet i Bergen.

– Veldig mange barn har astma i dag, så det å finne ein årsak som det går an å gjere noko med, betyr at vi kan førebygge meir enn vi har vore klar over, seier ein av forskarane bak studien, lege og professor Cecilie Svanes.

Risiko før mødrene blir gravide

Studien viser at den auka risikoen eksisterte sjølv om mødrene si eksponering for kjemikaliar starta før dei blir gravide.

Forskarane fann derimot inga auka risiko dersom eksponeringa starta etter barnet var fødd.

Korleis dette heng saman, er framleis berre spekulasjonar.

– Egga er i mor frå ho er i fosterlivet, så det kan tenkast at noko kan påverke desse cellene. Vi veit at stråling frå Tsjernobyl-ulykka påverka kjønnscellene våre, og no veit vi meir om at også mindre farlege stoff kan ha ein påverknad, seier Svanes.

Utsette yrkesgrupper er mellom anna reinhaldsarbeidarar og omsorgsarbeidarar, som dagleg nyttar vaskemiddel som inneheld sterke kjemikaliar.

Ifølge Svanes bør funna også auke bevisstheita vår om korleis vi brukar desse reingjeringsmidla i heimane våre.

Professor Cecilie Svanes.

FORSKAR: Cecilie Svanes er professor ved Senter for internasjonal helse på Universitetet i Bergen, og jobbar på yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. 

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Sprayprodukt er problemet

Det er i hovudsak vaskemiddel i sprayflasker som er problemet. Det er fordi det er desse kjemikaliane vi lettast får ned i lungene.

Svanes er bekymra for den helsemessige konsekvensen av all desinfeksjonsbruken under koronapandemien.

– Det er foruroligande med tanke på kor mykje vi har brukt desse midla under pandemien. Vi veit frå andre studiar at sprayprodukt er dei farlegaste, så det er viktig at vi viser respekt for desse produkta og brukar dei med fornuft.

Dagens medisin har tidlegare omtalt ein studie som viser at reinhaldsarbeidarar er meir utsett for å få astma, men også for kols og nedsett lungefunksjon.

– Når studien indikerer at dette også kan påverke lungehelsa til våre framtidige barn, er det verkeleg all grunn til å tenke seg grundig om når ein vel reinhaldsprodukt, seier assisterande generalsekretær i Norges Astma- og allergiforbund, Hogne Skogesal.

Han meiner reinhaldsbransjen må vere særskild bevisst, og sørge for at produkta som brukast medfører minst mogleg risiko for dei tilsette.

Vaskespray.

SPRAY VERST: Det er hovudsakleg vaskemiddel i sprayform som gir mest skade på lungene.

Foto: Tor Risberg

Arbeidstilsynet: – Ekstra viktig å redusere eksponering

Ifølge overlege i Avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet, Tor Erik Danielsen, har det vore ei satsing for å betre arbeidsvilkåra i reinhaldsbransjen, men vedgår at det alltid kan bli betre.

– Dette er ein god studie som gir viktige innspel på at det å redusere eksponering er ekstra viktig fordi dette også kan påverke komande generasjonar.

Kvinnene som studien har henta data frå, var yrkesaktive frå 1965 og utover. Det kan difor ha skjedd endringar i produksjon og bruk av vaskemiddel som kan ha betydning for risikoen.

Gjennom lovverket har Arbeidstilsynet mange moglegheiter, mellom anna til å sjå på grenseverdiane til dei ulike kjemikaliane og føre tilsyn med arbeidsgjevarar.

– Eg skal bringe opp denne forskinga internt i Arbeidstilsynet, og ta stilling til om vi skal gjere den meir kjend gjennom vår rettleiing.

Vil forske vidare

Dersom risikoen for å utvikle astma i utgangspunktet ligg på 10 prosent, så vil ei auke på 70 prosent bety at den nye risikoen blir 17 prosent.

– Det er viktig å påpeike at dei fleste barna av mødrer som var utsett for kjemikaliar, ikkje utvikla astma, seier forskar Cecilie Svanes.

– Er det andre felles faktorar for desse yrkesgruppene som kan forklare funna?

– Vi har teke omsyn til mange av faktorane som kan tenkast å ha betydning, som røyking og sosioøkonomisk status. Funna står likevel ved lag, så vi trur dette stemmer, seier Svanes.

No vil forskarane leite vidare etter dei bakanforliggande mekanismane som kan forklare kvifor mødrer si yrkeseksponering ser ut til å ha betydning for framtidige barn si helse.

LES OGSÅ: