Hopp til innhold

Ny studie: Dobbel risiko for fødselskomplikasjonar blant sårbare minoritetskvinner

Enkelte grupper gravide innvandrarkvinner har auka risiko for dødfødslar, for tidleg fødsel eller andre alvorlege hendingar.

Friske og flotte babyar

RISIKO: Nokre grupper innvandra minoritetskvinner i Noreg har auka risiko for alvorlege hendingar når dei føder. Illustrasjonsfoto.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det viser ein fersk studie av alle fødslar i Noreg i løpet av 26 år, i perioden 1990–2016.

Eline Skirnisdottir Vik står bak studien. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet og tok fredag doktorgrad ved Universitetet i Bergen på dette temaet.

– Kvinner med minoritetsbakgrunn har gjerne god helse, drikk mindre alkohol, røykar mindre, og er mindre overvektige. Men blant dei er det også sårbare grupper som har mindre heldige utfall enn fødande som er fødde i Noreg.

Dobbel risiko

I fjor var det 178 dødfødslar i Noreg. Blant norskfødde kvinner skjedde det tre gonger per tusen fødslar. Blant sårbare grupper innvandrarkvinner er risikoen nesten dobbelt så stor.

– Seks av tusen er framleis veldig sjeldan, men forskjellen er klinisk relevant. Me må sjå korleis me kan gjera omsorga endå betre for desse kvinnene, seier Vik.

Studien hennar viser at i Noreg har kvinner frå Sri Lanka, Pakistan, Somalia, Filippinane og tidlegare Jugoslavia ein auka risiko for dødfødsel samanlikna med norskfødde kvinner.

For minoritetskvinner var det også større risiko for prematur fødsel eller dødfødsel i Noreg viss dei hadde fått sitt første born utanfor Noreg.

– At barnefaren er fødd i Noreg kan dessutan vera ein beskyttande faktor. Truleg fordi han kjenner helsevesenet og språket og kan vera ein slags guide for kvinna, seier Vik.

Eline Skirnisdottir Vik

KARTLEGGING: Høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet Eline Skirnisdottir Vik har studert dødfødslar og tidleg-fødslar blant innvandrarkvinner i Noreg.

Foto: Privat

Tilpassa omsorg viktig

Meir enn kvar fjerde kvinne som møter til svangerskapsomsorg i Noreg, har innvandrarbakgrunn, og andelen aukar.

Vik meiner det er viktig å tilpassa omsorga for gruppene som statistisk sett har høgast risiko.

Ho er sjølv utdanna jordmor, og har brukt si eiga yrkeserfaring i arbeidet med studien.

– Nokre av problemstillingane har dukka opp frå mi praktiske erfaring. Til dømes på ei nattevakt utan tolk var det ein gong ei kvinne som svarte at alt hadde vore normalt i tidlegare fødslar. Men så blødde ho veldig mykje under fødselen.

Då sa kvinna at dette var slik det også hadde vore før.

– Det skulle eg gjerne visst på førehand. Viss ei kvinne har fødd i eit anna land, og ikkje har med seg papira, blir det vanskelegare for jordmora å ta gode avgjerder.

Doula

Dei fleste større byane i landet har eller får no ei ordning med såkalla doula. Dette er kvinner med relevant kulturell bakgrunn som gir gravide minoritetskvinner fysisk, emosjonell og praktisk støtte.

– Det er mykje mistydingar viss kvinnene ikkje klarer å kommunisera godt med jordmor under fødselen, seier Nadiye Seg.

Ho er opphavleg frå Tyrkia. Ho har født tre born i heimlandet og fem etter at ho kom til Noreg. Dermed har ho god bakgrunn når ho no byrjar jobben som doula i Bergen.

– Til dømes har nokre muslimske kvinner ein kultur der dei blir omskorne. Viss legen ikkje veit om dette, kan det bli komplikasjonar under fødselen.

– Kva med din første fødsel i Noreg. Kjende du deg då trygg på at helsevesenet var godt, eller meir utrygg enn under fødslane i Tyrkia?

– Ikkje utrygg, men eg var veldig redd. Visste ikkje kor eg skulle, kor me skulle ringa.

Ho forstod heller ikkje alt helsepersonellet prøvde å forklara henne.

– I Noreg hadde me sånne greier med å pusta inn og ut mellom riene. Eg gjorde ikkje det, berre skreik og grein. Mannen min var med, men han kunne ikkje hjelpa uansett, for han verken forstod eller kunne nok. Han var sjølv redd og stakk berre heim igjen, ler ho.

Denne vakre krabaten kom godt gjennom fødselen på sjukehuset i Skien

RISIKO: Enkelte grupper gravide innvandrarkvinner har auka risiko for dødfødslar, for tidleg fødsel eller andre alvorlege hendingar. Illustrasjonsfoto.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kulturforståing

Vik har ikkje kartlagt årsaker til auka risiko for komplikasjonar og dødfødslar blant innvandra minoritetskvinner, men ho meiner svak kommunikasjon og kulturforståing er éi mogleg forklaring.

– Blant anna at ein ikkje er god nok til å bruka tolk. Det er språkbarrierar. Kanskje kvinna ikkje kjenner godt til helsevesenet i Noreg, eller har lite tillit til det.

Ho meiner doula-tilbod er eit godt tiltak.

– Ein kulturtolk kan hjelpa nokre av kvinnene som har slike barrierar. Heilt enkle og billige tiltak kan vera til stor hjelp, seier ho.

Ho legg til at i nokre tilfelle kan årsaken vera knytta til genetiske faktorar som nært slektskap mellom foreldre.

– Men dette gjeld kun eit mindretal.