Hopp til innhold

Ny strid om vindmølle på Stad

Ein planlagd vindmøllepark på Stadlandet vekkjer strid i kommunen.

Vindmølle
Foto: Rainer Prang / NRK

Foreninga Stad landskap mobiliserer no kraftig etter at formannskapet har tilrådd eit ja til at Vestavind kraft skal få setje opp fleire store vindmøller.


Øydelegg unikt landskap

- Det vil øydeleggje eit stykkje Noreg som er så unikt at forskarane påstår at det ligg over det Rondane har som nasjonalskattverdi, seier Hans-Christian Hansen i Stad landskap.

For nokre år sidan var det Statkraft som ville byggje i det unike kystlandskapet. Då var det til slutt miljøverndepartementet som sette foten ned.

Planane til Vestavind kraft er å byggje sju eller ti vindturbinar som kan forsyne 3000 husstandar. Parken er planlagd om lag 500 meter i luftline frå der Statkraft i si tid fekk nei.

Hans Christian Hansen trur det er pengar som er motivasjonen når formannskapet no har tilrådd eit ja til planane.

- Selje kommune er som alle andre kommunar med økonomiske problem, nøydd til å ta tak. Eg skjønar deira sine argument når dei vil hente pengar, seier han.

Har varsla motsegn

Kommunen er førespegla 2,1 øre per kilowatt noko som vil gje i overkant av ein million kroner i inntekter i året. Ordførar Gunn Helgesen vedgår at pengane er avgjerande.

- Det veg tyngst og gjer at politikarane seier ja, seier Helgesen.

Miljøvernavdelinga til fylkesmannen har alt varsla motsegn. Og Helgesen innser at kommunepolitikarane kan verte overprøvde. Det frustrerer Helgesen som i si tid gjekk glipp av 34 millionar kroner då Statkraft fekk nei.

- Ein kan spørje seg kva staten vil yte til dei kommunane som er så spesielle at dei ikkje skal få lov til å byggje ut til dømes vindkraft, seier Helgesen.