Hopp til innhold

Ny storkontrakt til Havyard

Havyard har inngått ein ny, stor kontrakt om bygging av den første i ein ny generasjon supplyskip. Dette er med på å sikre arbeidsplassane ved verftet i Leirvik.

Havyard 832 MkII

DENNE TYPEN: Slik skal det nye skipet sjå ut. Truleg vert det i hovdsak bygd i Leirvik.

Foto: illustrasjon: Havyard/Gunnar F. / Harald M. Valderhaug

Det er nyaste generasjon av Havyard Group sitt eige skipsdesign, kalla 832-klassen, som no er inngått kontrakt om bygging av. Skipet skal etter planen leverast i andre kvartal i 2014, og har ein pris på i underkant 300 millionar kroner.

– No er det slik at det er Havyard Group som inngår avtalen med reiaren. Så delar vi ut kontrakten til verft etterpå. Det er ikkje dermed sagt at Leirvik skal byggje, men eg kan no seie såpass at dei ligg no veldig godt an. For Leirvik sin del så er det veldig viktig. Det gjev ein tre-fire månader forlenging av aktiviteten deira.

Omfattande forskning

Kven som har inngått kontrakten ønskjer ikkje Havyard å seie noko om enda i påvente av at reiarlaget skal få finansieringa i boks.

– Det eg kan seie at denne kontrakten er eit ledd i eit omfattande forskningsprosjekt. Dette er ein båt som vi meiner er framtidas supplyskip. Det er eit veldig omfattande og langsiktig forskingsarbeid som vi har gjort i lag med SINTEF i Trondheim. Vi føler at vi er komne fram til eit resultat som verkeleg no kan presenterast for marknaden, fortel Mongstad.

Havyard Group, som mellom anna eig verftet i Leirvik i Hyllestad, er i dag eit stort, internasjonalt konsern med hovudbase i Fosnavåg. Dei tøffe økonomiske tidene i verda har i liten grad påverka Havyard, meiner Mongstad.

Havyard 832

STILIG DESIGN: Havyard 832 skal bli Havyard sitt nye flaggskip i supplymarknaden. No er det inngått kontrakt om bygging av det første skipet.

Foto: Havyard

Solid eigenkapital

– Vi har vore veldig heldige. Vi har hatt og har gode ordrereservar. Havyard har klart å byggje opp eigenkanpitalen slik at vi kan vere med og utvikle prosjekta. Dette gjer det mykje enklare for oss no, enn tidlegare då vi ikkje hadde ein solid eigenkapital. Situasjonen er lys, men sjølvsagt utfordrande, sler direktøren fast.

Som ansvarleg for dotterselskapet Havyard Solutions, jobbar han dagleg med å selgje inn Havyard sine skipsdesign og produkt verda over. Og han tek gjerne dei potensielle kundane med til Leirvik der han var verftsdirektør lenge.

– Verftet i Leirvik skal vere eit mønsterverft, det skal vere eit verft der vi byggjer dei første båtane av nye design. Det skal vere eit laboratorium og vindauga vårt for resten av verda. På den måten kan vi ta andre verft og reiarar inn til Leirvik og syne fram det vi har av produkt.