Ny skabb-behandling av fjellrev på Hardangervidda
Miljødirektoratet jobbar no for å behandla eit nytt utbrot av skabb blant fjellrev på Hardangervidda, saman med Veterinærinstituttet og NINA. Det melder dei i ei pressemelding. Det er funne to fjellrevar med omfattande håravfall på halen, ved to ulike hi. Det gir sterk grunn til å frykta skabbsmitte, skriv dei.
– Det er antakeleg omtrent 40–50 fjellrevar og fleire aktive hi i området, seier Ingrid Regina Reinkind i Miljødirektoratet. Ho fortel at dei i fleire år har arbeidd for å auka bestanden av den sterkt trua fjellreven, og at eit utbrot av skabb er ein sterk trussel for dette arbeidet.
Miljødirektoratet ber folk som får auge på fjellrev eller raudrev som ser sjuke ut på Hardangervidda om å varsla Statens naturoppsyn. Dei oppmodar til å ta bilete eller film av reven.