Ny sjukdomsepidemi feier over Norge

Intens tørrhoste som kan vare i månadsvis har råka rekordmange i haust. No vert atypisk lungebetennelse rekna som ein epidemi.

Pasient Cilja Steen saman med lege Arne Bjørnetun i Naustdal.

HOST OG HARK: Etter lang tid med tørrhoste valde Cilja Steen (t.h.) til slutt å besøke Arne Bjørnetun på legekontoret i Naustdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei siste åra er det svineinfluensaen som har herja. Denne vinteren er det atypisk lungebetennelsen som har gjort seg gjeldande.

Cilja Steen frå Førde er berre ein av mange som opplever at tørrhosten ingen ende vil ta.

– Det er verst om natta. Det er då det verkeleg slår til, seier og konstaterer at ho har prøvd det meste – også kjerringråd – for å få tørrhosten til å stogge.

Verst i Sør og Vest

– Vi har prøvd alt vi kan prøve. Solhatt, solbærsaft, kvitløk og alt vi har kome over. Det har ikkje hjelpt, så då måtte vi til doktor, resignerer ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cilja Steen

PRØVD ALT: Cilja Steen frå Førde blir ikkje kvitt tørrhosten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fastlegen hennar, Arne Bjørnetun, er ikkje ukjend med symptoma, og kan fortelje henne at ho mest truleg er biten av bakterien Mykoplasma.

Tørrhosten som held henne vaken om natta, kan vere atypisk lungebetennelse.

– Det er gjerne ein tørrhoste over lengre tid, den kan kome i periodar og spesielt nattetid. Det er lite som hjelp, seier han.

Verst i sør og vest

Og Steen er ikkje åleine. Bakterien som fører til atypisk lungebetennelse dukkar opp kvart år, men i år har den eksplodert i omfang.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det påvist mykoplasma lungebetennelse i mellom 10 og 20 prosent av prøvar motteke ved laboratorium på Austlandet, Midt-Norge og Nord-Norge. På Sør- og Vestlandet er det påvist i opptil 25 prosent av prøvane.

Det er ingen teikn til nedgang, og det er venta at mykoplasma lungebetennelsen vil halde seg høg gjennom vinteren.

Rekordmange

Ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen har dei aldri før påvist så mange tilfelle av den hosteframkallande Mykoplasmabakterien. Tala viser ein drastisk auke av atypisk lungebetennelse, samanlikna med i fjor.

Samstundes aukar statistikken for kvar einaste veke som går.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 24c625fb-e8c0-443f-b3e4-4a5cfeed016c.png

SJÅ TV-SAKA: Rekordmange har fått lungebetennelse i haust. Mange pasientar har gått lenge med bakterien i kroppen - ofte uten å vita kva som feilar dei...

– Etter å ha lese desse tala frå Haukeland Sjukehus, så ser eg at den veka som var så er det 250 nye tilfelle mot 40 i fjor. Det tyder på at vi har ein epidemi i vårt distrikt no, slår Bjørnetun fast.

Også i nabolanda

Hans Blystad

OVERLEGE: Hans Blystad hos Folkehelseinstituttet.

Foto: NRK

Det er ikkje berre Norge som er råka av epidemien. Også i nabolanda våre merkar ein drastisk auke i hostande og harkande innbyggjarar.

Overlege Hans Blystad i Folkehelseinstituttet seier epidemien slett ikkje er unik i Norge.

– Vi har fått same rapport frå Sverige og Danmark som melder om merkbar auke i vinter, seier han.

– Kom deg til lege

Det er vanskeleg å hindre at ein blir sjuk av mykoplasmabakterien. Rådet frå folkehelseinstituttet og kommunelegen i Naustdal, er å kome seg til lege for å bli undersøkt.

Det er derimot tiltak ein kan gjere for å hindre smitta å spreie seg.

– Det smittar ved vanleg nærkontakt, dråpesmitte som influensa og forkjøling elles. Det viktige er at dei som skjenner seg sjuke held seg litt unna andre. Så er det alltid dette med god handhygiene å vaske seg med antibakteriemiddel, seier Blystad.