Hopp til innhold

Ny runde i retten for Røyksopp

Popduoen Røyksopp må i februar møte i Oslo tingrett. Dermed er det duka for andre akt av den bitre rettsstriden mot DJ og produsent Rune Lindbæk.

Röyksopp i Bergen tingrett

STRID OM OPPHAVSRETT: Har Torbjørn Brundtland og Svein Berge blir nok ein gong skulda for plagiat.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Rune Lindbæk og advokat Marius Aarum Øvrebø-Engemoen

ANKA: Musikkprodusent og DJ Rune Lindbæk under rettssaka i Bergen tingrett i februar i år. Han tapte då saka mot Røyksopp. T.h. advokat Marius Aarum Øvrebø-Engemoen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Så seint som i mars i år vart Svein Berge og Torbjørn Brundtland (Røyksopp) frifunne i Bergen tingrett. Likevel, den årelange kampen om opphavsrettar held fram.

Tidlegare bandkollega Rune Lindbæk anka saka mot duoen. No er tvistebehandlinga fastsett for Oslo tingrett i februar skriv Bergensavisen.

Skuldar Røyksopp for plagiat

Lindbæk held fast ved at hans tidlegare samarbeidspartnar har plagiert hans arbeid i låten «A Higher Place» frå Røyksopp si debutplate «Melody AM». Albumet gjorde stor internasjonal suksess på 1990-talet.

Lindbæk hevdar at låten har store likskapstrekk med låten «Drift», gitt ut av det Tromsø-baserte bandet «Drum Island». Bandet bestod av nettopp Lindbæk, Ole Johan Mjøs og Røyksopps Torbjørn Brundtland.

Tapte i Bergen

I Bergen tingrett kravde Lindbæk oppreising og opphavsrett for Røyksopp-låten. Etter ei veke i retten med forklaringar frå ei rekkje vitne – og grundig gjennomspeling av dei to låtane, slo tingretten fast at Lindbæk ikkje var opphavsmann til Røyksopp sine tonar.

Lindbæk tapte saka og vart dømd til å betale 788.000 kroner i sakskostnader. 5. og 6. februar skal møtest partane på ny i retten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Svein Berge og Torbjørn Brundtland i Bergen tingrett

SPELTE I RETTEN: I Bergen tingrett vart Røyksopp si låt 'A Higher Place' og Lindbæk si 'Drift' spelt for retten. Konklusjonen var at førstnemnde ikkje var plagiat.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Går til sak også for ærekrenking

Rune Lindbæk har, som NRK.no tidlegare har fortalt, også saksøkt Røyksopp for ærekrenkingar.

Krenkingane DJ og produsent Lindbæk meiner han er utsett for, skal komme frå eit 45 sider langt skriv som Röyksopp publiserte på nettsida royksoppsvarer.com i november 2011.

Lindbæk krev 130.000 kroner i oppreisning.