Hopp til innhold

Ny rapport: Rømd oppdrettsfisk blandar seg stadig meir med villaksen

Forskarar har avdekka at stadig meir av villaksen har genar frå oppdrettsfisk.

Knut Munthe Olsen

FRYKTAR FOR VILLAKSEN: Knut Munthe Olsen er grunneigar i Årøyelva i Sogndal og leiar i Sogn Villaksråd.

Foto: Privat

Ei ny undersøking gjort av Norsk institutt for naturforsking (NINA) syner stor innblanding av rømd oppdrettsfisk i villaksstammene i Sognefjorden.

– Vi ser jo på dei verste skrekkeksempla at det sym fisk rundt med meir oppdrettsgener enn villaksgener, seier Knut Munthe Olsen, som er elveeigar og leiar i Sogn Villaksråd.

NINA har undersøkt 10 laksebestandar i Sognefjorden. Sju av desse vert karakterisert til å ha svært dårleg status, ein som dårleg og to med moderat status med omsyn til genetisk påverknad av rømd oppdrettsfisk.

– Oppdrettsnæringa må ta tak. Men så lenge politikarane ikkje stiller krav til næringa så skjønar eg at oppdrettsbransjen ikkje vil gjere det vanskelegare for seg sjølve, seier Munthe Olsen.

Lukka anlegg

Munthe Olsen meiner situasjonen i lakseelvane i Sogn syner at det no må kome krav om lukka oppdrettsanlegg.

– Det er slappe krav frå politikarane som berre heiar på vekst i oppdrettsnæringa utan å tenke på dei negative konsekvensane.

Hans Inge Algrøy

FÆRRE RØMMINGAR: Hans Inge Algrøy som er regionsjef for Sør- og Vest Norge i FHL Havbruk.

I oppdrettsnæringa er dei ikkje like sikre på at lukka anlegg er løysinga.

– Vårt konkurransefortrinn i forhold til utlandet er at vi har opne merdar og not i sjø. Vi har dei gode kyststraumane, dei djupe områda og den gode temperaturen. Det er det som er grunnlaget for oppdrettsindustrien i Norge, seier Hans Inge Algrøy, som er regionsjef for Sør- og Vest Norge i FHL Havbruk.

– Talet på rømmingar går ned

Algrøy har likevel forståing for at elveeigarane er urolege når undersøkingar syner stor innkryssing av rømd oppdrettsfisk i villaksstammene.

– Det har eg forståing for, og dette er ikkje ein situasjon vi ynskjer frå oppdrettsnæringa si side heller, seier Algrøy.

Han seier statistikkane dei siste 10 år syner at talet på rømmingar går ned.

– Fiskeridirektoratet har eit nasjonalt overvakingsprogram som måler innslag i elv. Over tid så syner det at innslaget av rømd fisk i elvane går ned, og i dei elvane der det er for mykje vert det utfiska, seier Algrøy.

Algrøy seier at oppdrettsnæringa no har ein nullvisjon for rømmingar.

– Dei tekniske krava til oppdrettsanlegga vert stadig strengare, det er opplæring av folk og utveksling av erfaringar for kva som kan gjerast betre når det har gått gale. Eg tykkjer vi er på rett veg, seier Algrøy.

Nytt oppvekstregime

Også regjeringa er oppteken av å få ned talet på rømmingar frå oppdrettsanlegg. Roy Angelvik (Frp), som er statssekretær i Fiskeridepartementet, seier fleire tiltak er sette i verk og at talet på rømmingar har gått ned dei seinare åra.

Roy Angelvik

GJER TILTAK: Statssekretær Roy Angelvik (Frp).

Foto: Ole Christian Olsen

– I tillegg vert det innført eit nytt oppvekstregime frå 15. oktober, der landet vert delt inn i 13 produksjonsområde med strenge, tydlege krav, seier Angelvik.

Han vil likevel ikkje gå så langt som å love krav om lukka oppdrettsanlegg, slik elveeigarane ynskjer.

– Vi veit i dag for lite om lukka anlegg, og eg trur heller ikkje vi er komne langt nok i utviklinga. Men eg trur at den teknologiske utviklinga vi no går igjennom vil føre til at vi på sikt får ein kombinasjon av alt, med anlegg lenger til sjøs, med anlegg på andre stader, og lukka anlegg, seier Angelvik.