Ny rapport: Éin av tre har opplevd uønskte hendingar fordi dei er kvinnelege prestar

Arbeidsmiljøundersøkinga blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkje vart bestilt etter «Mikael Bruun-debatten». Svara er urovekkande, seier leiar i Norsk kvinneleg teologforening.

Kross utanfor Kaupanger stavkyrkje

UØNSKTE: Arbeidsmiljøundersøkinga blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkje viser at éin av tre har opplevd uønskte hendingar fordi de er kvinnelege prestar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«80-talet har gløymt igjen mange mannssjåvinistar. Eg opplever ofte å få kommentarar knytt til hår, klede, sko, ordval, kroppsspråk, som ingen mannlege kollegaer får».

«Prosten min blunkar til meg når han helser på meg, seier: 'så fin du er i dag' framfor kollegaer der ingen andre blir sagt det same til.»

Dette er blant utsegna i ein ny rapport om arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar i Den norske kyrkja.

Rapporten viser at éin av tre har opplevd uønskte hendingar.

Og at éin av fire har fått «ubehagelege kommentarar» på alder og utsjånad.

Arbeidsmiljøundersøking vart bestilt etter haustens debatt om det skal vere lov å reservera seg mot å samarbeide med kvinnelege prestekollegaer.

Sokneprest i Kvinnherad, Kjersti Boge, var blant dei som sette ord på «mikroaggresjonen» dei vart utsett for:

– Brev som går ut til alle prestar og som startar med «kjære brør». Det er alle desse små tinga som tærer på i lengda.

Ho er glad for undersøkinga og at partane «no kan vere einige om kva vi snakkar om».

– Eg håper vi no får eit tydeleg regelverk som sikrar at kvinnene får gode kollegafellesskap og ikkje opplever seg som problemet i kollegafellesskapet, seier ho til NRK.

Kjersti Brakestad Boge

HÅP: – Eg håper vi no får eit tydeleg regelverk som sikrar at kvinnene får gode kollegafellesskap og ikkje opplever seg som problemet i kollegafellesskapet, seier Kjersti Boge.

Foto: Liv Berit Helland Gilberg / NRK

– Det er alvorleg og forferdeleg trasig

Rapporten fortel om store forskjellar mellom dei ulike bispedøma.

I Bjørgvin bispedøme seier nesten fire av ti at dei er «svært eller delvis ueinige» i at det er likestilling mellom dei og deira mannlege prestekollegaer.

SV-profil Oddny Irene Miljeteig er medlem og nestleiar i Bjørgvin bispedømmeråd.

– Det er alvorleg og forferdeleg trasig at så mange kvinner i presteteneste opplever diskriminering fordi dei er kvinner, seier ho.

Samstundes gler ho seg over at biskopen og preses har vore «krystallklåre» på at mannlege prestar ikkje lenger vil bli tilsette om dei ikkje vil halda nattverd saman med kvinnelege kollegaer.

– Sjølv om det heldigvis er mykje bra, er vi særleg uroa for yngre kvinner i jobb, seier Liv Arnhild Romsaas, leiar i Norsk kvinneleg teologforening.

Ho legg til:

– Dette, saman med at det er nokre bispedøme som peiker seg ut i negativ retning, gir kyrkja anledning til målretta handling.

Debatten om kvinnelege prestar har både ei teologisk og arbeidsrettsleg side, og vart revitalisert i fjor då sokneprest i Sogndal, Mikael Bruun uttala at han ikkje ønskte «liturgisk fellesskap» med kvinnelege prestar.

Debatten fekk eit førebels punktum då Bispemøtet i oktober i fjor presiserte at ingen tilsette kan reservere seg mot å samarbeide med andre prestekollegaer.

Les også: Kvinnelege prestar slår tilbake: – Det er vi som er minoriteten

Stedje kyrkje i Sogndal

SOGNDAL: Arbeidsmiljøundersøkinga blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkje vart bestilt etter «Mikael Bruun-debatten», som starta i Sogndal. Svara er urovekkande, seier leiar i Norsk kvinneleg teologforening.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Nye tiltak er heilt naudsynte

– Det er heilt uakseptabelt at ei av fem kvinner opplever diskriminering i arbeidet sitt som prest i Den norske kyrkja. Det er særleg viktig å få på plass betre varslingsrutinar og eit høgare kunnskapsnivå om diskriminering. Me er glade for at leiinga i kyrkja varslar strakstiltak og har tru på desse, seier Martin Enstad, leiar i Presteforeningen.

På kort sikt set Kyrkjerådet i gang med eit opplæringsprogram om diskrimineringslovgivinga for å gjera alle leiarar bevisste på sitt ansvar.

I tillegg skal det etablerast eit digitalt varslings- og avvikssystem.

– Signala om nye tiltak er heilt naudsynte, seier Marianne Bergsjø Gammelsæter, nestleiar i Stiftstyret i Bjørgvin.

Det same seier Solveig Fiske, biskop i Hamar bispedøme:

– Det er bra å få dette fram i lyset. Undersøkinga har gitt oss ein viktig påminning om at vi må auke medvit om likestilling og likeverd i kyrkja.

LES OGSÅ: No skal dei slutte å spørja jobbsøkarar om kven dei bur med