Hopp til innhold

Kommunen forenkla språket i søknaden – det sparar dei 12.000 kroner i året på

Ved å bruka klarare språk kan det offentlege spara tid og pengar, viser ny rapport. KS meiner tilbodet til innbyggarane også blir betre.

Bustøttesøknad bergen kommune

VERNEPLIKT: Bergen kommune har bytt ut «Avtjener noen i husstanden verneplikt?» med «Er noen i boligen i militæret (førstegangstjeneste)?» i bustøtteskjemaet sitt.

Foto: Skjermdump / Bergen kommune

«Fremleie gir ikke rett til kommunal bostøtte»

Stussar du på kva dette betyr?

«Du bor i boligen selv og leier den ikke ut til andre (fremleie)»

Var det lettare å forstå? Begge setningane skal få fram det same, og er henta frå Bergen kommune sitt skjema «Søknad om bostøtte».

12.000 kroner i året på eitt skjema

Kommunen har no fått gode resultat ved å endra teksten i skjemaet til såkalla klarspråk.

På oppdrag frå KS (Kommunesektorens organisasjon) har Menon Economics undersøkt effekten av at saksbehandlarar i norske kommunar nyttar eit enklare språk.

For Bergen sin del slår rapporten fast at kommunen slepp å senda nesten 200 mangelbrev til folk som ikkje har forstått bustøtteskjemaet og difor må purrast på.

Det svarar til ei innsparing på 12.000 kroner i året, på eitt skjema, ifølge økonomane.

Kommunen har godt over 100 ulike skjema til forskjellige formål som søknader, bestillingar og meldingar.

Søknad om bostøtte, Bergen kommune 2
Søknad om bostøtte, Bergen kommune

Før og etter endringane Bergen kommune gjorde i bustøttesøknaden

Mykje etterarbeid

– Veldig mange tok kontakt om at bustøtteskjemaet var vanskeleg å fylla ut. Bustadetaten måtte senda ut ein del brev i etterkant, for å få fatt i meir informasjon, seier Tine Grüner Larsen.

Ho er leiar for WeB-gruppa til Ansattservice i Bergen kommune.

Ein annan stad i skjemaet er spørsmålet «Avtjener noen i husstanden verneplikt?» bytta ut med «Er noen i boligen i militæret (førstegangstjeneste)?»

– Det er mindre vekt på juridisk språk, og i staden ord som folk forstår. Me har fått veldig mange gode og positive tilbakemeldingar seier Grüner Larsen.

Her er nokre av tilbakemeldingane kommunen har fått:

  • «Det var så lett å finne skjemaet og fylle ut»
  • «Raskt og greit å søke og veldig klart hva det spørres etter og hva som kreves av dokumentasjon»
  • «Jeg synst dette er en av de enkleste digitale skjemaene. Det er enkle konkrete spørsmål som gjør det enkelt å forstå og svare på»
Avdelingsleiar Tine Grüner Larsen i Ansattservice, Bergen kommune

AVDELINGSLEIAR: Tine Grüner Larsen i Bergen kommune. Ho er leiar for WeB-gruppen i Ansattservice og har gode erfaringar med å bruka eit enklare språk i søknadsskjema til innbyggarane.

Foto: Anne Margrete Markestad / Bergen kommune

Kan gi opp til 300 prosent avkastning

Økonomar i Menon Economics har kome fram til at norske kommunar har minst 30 prosent avkastning på å investera i klarspråk.

I nokre tilfelle kan avkastninga koma opp 300 prosent.

For kvar krone som blir investert i klart språk, blir det ei avkastning på 1,3 til 4 kroner, ifølge dei.

– Det er ei veldig høg avkastning. Og la meg understreka; det er veldig konservative føresetnader som er lagt til grunn, seier Simen Pedersen, som er samfunnsøkonom og partnar i Menon Economics.

Tid og pengar spart

Også Tønsberg kommune har vore med på undersøkingane. Dei har endra formuleringa ein faktura, som har ført til at færre har teke kontakt med kommunen.

– Det er ikkje sikkert at ein sparar så mykje i kroner og øre, men ein får mykje meir tid, seier Pedersen.

Han trur det vil gjera at kommunen kan tilby betre tenester.

– Gevinstane me ser her er både spart tid for kommunen, spart tid og mindre heft og bekymringar for dei brukarane. I tillegg kjem auka tillit som eit resultat av det.

Marie Axelsen, KS

AVDELINGSDIREKTØR: Marie Axelsen i KS.

Foto: KS

KS: Hevar kvaliteten på kommunen sine tenester

Kristin Weidemann Wieland er direktør for forsking, innovasjon og digitalisering i kommunesektorens organisasjon (KS).

– Sjølv om vi veit at det er fornuftig med klart språk, har vi mangla tal på nøyaktig kor mykje pengar det kan dreie seg om og kor mykje det offentlege kan spara. Før no, seier Wieland.

Avdelingsdirektør i KS, Marie Axelsen, meiner rapporten viser at klart språk hevar kvaliteten på tenestene som kommunen skal tilby innbyggarane sine.

Og at det blir lettare å forstå kva ein har rett til som innbyggar.

– Kanskje får ein auka tillit til kommunen sin. Vi trur at denne nye kunnskapen vil vera viktig draghjelp for kommunar som ønskjer å jobbe med klarare språk. Fordi me no ser at det både verkar og lønnar seg å jobbe systematisk med språk, seier Axelsen.