Hopp til innhold

Nye funn: Dette er den største kjelda til mikroplast i havet

Restar frå norske skip, verft og boreriggar bidreg til nesten to millionar tonn mikroplast i havet kvart år.

En Krabbe som går på en strand fylt med plastpellets, en type mikroplast, som er laget av raffinert råolje og andre tilsetningsstoffer.

FORUREINAR HAVET: Måling frå sandblåsing på oljeplattformer er ei av kjeldene til mikroplast i havet, viser ny rapport.

Foto: Eranga Jayawardena / AP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Fram til no har ein trudd at bildekk, tekstilar og pellet var den største årsaka til mikroplast i havet.

No viser ein ny rapport kva som bidreg med 1,9 millionar tonn, eller 58 % av mikroplast i havet kvart år.

Det er nemleg måling.

Forskarane Julien Boucher og Paola Paruta jobbar ved Enviromental Action, som er eit forskingsbasert konsulentfirma. Dei er forfattarane bak rapporten, som er den første globale studien som er gjort av målingsrelatert mikroplast i verdshavet.

Studien har spora måling gjennom heile levetida.

Målinga kan gå tapt før den når materialet (påføring, måling), det kan losna frå det (slitasje, fjerning), eller det kan kastast (ubrukt).

Studien har ikkje tatt høgde for lekkasje frå måling innebygd i nye produkt.

100.000 tomflasker frå kvar oljeplattform

Båtar, riggar og plattformer må malast ofte for å unngå rust og korrosjon. Før ny måling blir påført, må den gamle blåsast av. Det er her mykje av utsleppa oppstår.

Selskapet Pinovo har støtta forskinga økonomisk, og har estimert at forureininga av mikroplast per oljerigg er på rundt 1000 kilo.

Det kan samanliknast med at over 100.000 tomflasker blir dumpa på sjøen kvart år, frå kvar einaste oljeplattform.

Styreleiar i Pinovo, Declan McAdams, seier dei kontakta Environmental Action for å få meir faktagrunnlag for kor mykje mikroplast frå måling ender opp til sjøs.

– Det var tidlegare tre former for plast i havet. Dekk, tekstil og pellet. Dei er viktige, men den største kjelda er måling, seier McAdams.

Declan McAdams

PINOVO: Styreleiar i Pinovo, Declan McAdams, har spesialisert seg på utsleppsfri sandblåsing av industrimåling

Foto: Pinovo

Meiner industrien har vore flinke

Organisasjonen Norsk olje og gass meiner denne rapporten understrekar behov som næringa har vore klar over lenge.

– Me nemnde desse problema gjennom styresmaktene i 2014, og denne rapporten legg vekt på eit problem som industrien tek på alvor, seier Einar Lystad, som er fagsjef for havmiljø i Norsk Olje og Gass.

Lystad nemner ny sandblåsingsteknologi, som samlar opp mellom 70 og 80 prosent av målinga dei skreller av. Alternativet er å la alt hamna på sjøen, som ein gjorde før.

– Bør bli pensum for målingsprodusentar og skipsverft

Nina Jensen er marinbiolog og administrerande direktør i Rev Ocean, eit privat finansiert forskings- og ekspedisjonsskip.

Ho er skuffa, men ikkje overraska over funna i rapporten.

– Me veit jo at måling i stor grad består av plast, men utfordringa er at det ikkje har vore kvantifisert. Dette bør bli pensum for målingsprodusentar, skipsverft og boreriggar, seier Jensen.

Nina Jensen, REV Ocean

PENSUM: Marinbiolog og administrerande direktør i Rev Ocean meiner rapporten bør pli pensum for næringa.

Foto: NRK

Jotun rosar forskingsinitiativet

I ein e-post til NRK skriv kommunikasjonsdirektør i Jotun, Christian Espolin Johnson, at dette føyer seg i rekka av publikasjonar og forsking som set fokus på marin mikroplast og utfordringane rundt det.

– Der er mange ubesvarte spørsmål rundt opphav og nedbrytingsprosessar, og Jotun rosar derfor forskingsinitiativet knytt til mikroplast i havet, seier Espolin Johnson.

Han nemner òg at dei samarbeider mellom anna med NTNU for å kunne forstå og analysera mikroplast ytterlegare.

Ingvild Sundal Joys

PÅ TIDE MED TILTAK: Prosjektleiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingvild Sundal Joys, meiner rapporten legg grunnlag for handling

Foto: Viktoria K. Joys

Meiner tida er inne for handling

Naturvernforbundet er ein organisasjon som lenge har engasjert seg mot plastforureining.

Ingvild Sundal Joys er prosjektleiar i Naturvernforbundet Hordaland, og er utdanna marinbiolog.

Ho seier ho ikkje er overraska over funna, og minner om at årsaka til at det har vore krevjande å finna kjelda til utsleppa, er storleiken på partiklane. No er tida inne for handling, meiner Sundal Joys.

– Me meiner at plastmaterialet må erstattast med andre nedbrytbare stoff, og at ein kan leggja til rette for fleire vedlikehaldsplassar med reinsing av kjemikaliar. Då kan ein hindra utslepp, seier Sundal Joys.