Hopp til innhold

Ny rapport talfestar kor mykje ekstra straum Noreg treng til klimatiltak

Ny rapport frå Miljødirektoratet viser at Noreg treng 34 TWh ekstra kraft til det grøne skiftet. Men Energidepartementet vil ikkje ha eit hurtigspor for havvind.

Vindkraftpark i Havøysund.

PARISAVTALEN: Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030.

Foto: Allan Klo / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein ny rapport frå Miljødirektoratet seier at Noreg treng opp mot 34 terawattimar (TWh) med ekstra kraft for å oppfylle utsleppskrava i Parisavtalen (sjå faktaboks).

Av dette treng landbasert industri 14 TWh og petroleumssektoren 10 TWh.

I tillegg seier Miljødirektoratet at ytterlegare 10 TWh vil vere naudsynt for å produsere «grønare drivstoff» til transportsektoren.

Til samanlikning brukte Noreg rundt 140 TWh i fjor.

– Kraft til ny grøn industri er nøkkelen i den grøne omstillinga, sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide då han tok imot rapporten tidlegare i september.

Bodskapen om meir kraft vart gjenteke under hastemøtet på Stortinget sist veke.

– På lang sikt er det berre tre tiltak som verkeleg monnar. Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Eit ekko av eit bodskap han har framført i heile haust.

Vi må byggje ut vindkraftpotensialet, sa han då han besøkte den nye vindparken i Stokkfjellet i Selbu i august.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Vi har svært kort tid på oss

Analysen til Miljødirektoratet omfattar eksisterande industri og pågåande prosjekt, men ikkje hydrogen for eksport og batterifabrikkar som kan bidra til å redusere utslepp i andre land (detaljar under).

Vi har svært kort tid på oss før utsleppskurva for verda må peike nedover. Den nye analysen viser korleis ei slik omstilling kan sjå ut, sa Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, då ho la fram rapporten.

I 2020 fekk dåverande olje- og energiminister Tina Bru (H) to rapportar på bordet som sa at Noreg trong ytterlegare 27 TWh for å redusere den fossile energibruken.

I rapporten «Elektrifiseringstiltak i Noreg» anslår NVE at 23 TWh meir kraftforbruk vil auke den gjennomsnittlege kraftprisen med 7–10 øre per kWh.

Det betyr rundt 2000 kroner ekstra i året for ei gjennomsnittleg hushaldning.

Det omstridde tiltaket med å elektrifisere sokkelen er tidlegare berekna til å krevje om lag 15 TWh i året.

Energiministeren vil ikkje ha «snarveg» for havvind

Den auka kraftetterspurnaden kjem på toppen av framskrivingar for straumbruk som viser at Noreg styrer mot underskot.

Det politisk vedtekne svaret på denne knipa er meir vindkraft, meir solkraft og nye skattereglar for å stimulere til meir vasskraftutbygging.

I mai varsla regjeringa at ho vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040.

Ambisjonen er at havvind skal produsere like mykje kraft som norske vassturbinar.

Fire veker seinare melde Equinor at «Trollvind», ein flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Bergen, kan vere i drift alt i 2027.

Føresetnaden er at det aktuelle området raskt vert lyst ut som areal for havvindutbygging.

Men ein slik «snarveg» vil Olje- og energidepartementet ikkje gå med på, skriv nettstaden Energi og klima.

Dei viser til eit skriftleg svar frå energiminister Aasland om at det fyrst må «avklarast om det er ønskjeleg (…) at det vert opna eit område for vindkraft i nærleiken av Troll-feltet» og at det sidan må «gjennomførast ein konkurranse om arealet.»

Equinor vil byggje havvindpark utanfor Bergen

TROLLVIND: NVE anslo i fjor at Noreg vil produsere 166 TWh kraft i 2030, medan Statnett er noko meir optimistiske og anslår at produksjonen vil vere 175 TWh.

Foto: Equinor

Vil ha «hurtigspor» for å fart det norske kraftnettet

Svaret står tilsynelatande i relieff til utsegner frå Statnett om at «havvind vil gi eit positivt energibidrag» i bergensområdet, og ein ny NVE-rapport som slår fast at Trollvind vil vere «gunstig» i det som vert karakterisert som «eit energimessig underskotsområde».

Bakgrunnen er at krafta på Vestlandet i hovudsak vert produsert inne i landet medan tyngdepunkta for den planlagde og auka kraftbruken ligg ute ved kysten (sjå kart).

Oversikt over transmisjonsnett i området og arealbegrensning for Bergen og omland

I fjor auka kraftproduksjonen i Noreg med 3,1 TWh, medan forbruket auka med 6 TWh. Altså dobbelt så mykje. Rød linje er 420 kV, blå linje er 300 kV.

Foto: Statnett

Blant næringsparkane som «skrik etter» meir kraft er Mongstad, Skipavik, Kollsnes og Ågotnes.

Kraftmangelen var bakgrunnen for at statsråden tidlegare i september bad NVE om å opprette eit «hurtigspor» for å fart på utbygginga av kraftnettet.