Hopp til innhold

Ny rapport om KNM «Helge Ingstad»: Kjem med fleire «viktige funn»

Den siste havarirapporten om fregattulukka kjem med fleire råd for å betre tryggleiken i Sjøforsvaret og norsk sjøfart.

KNM Helge Ingstad

GJEKK TAPT: Kunne KNM «Helge Ingstad» vore berga om kollisjonen blei handtert annleis? Det er noko av det den siste rapporten skal svare på.

Foto: Kystverket

Det neste året er det mange kapittel som skal avsluttast etter skipskollisjonen i Hjeltefjorden 8. november 2018.

Nøyaktig klokka 04.01.15 den natta, kolliderte fregatten KNM «Helge Ingstad» med tankskipet «Sola TS».

Korleis kollisjonen kunne skje er allereie kartlagd av Havarikommisjonen.

No kjem svaret på kvifor fregatten sank og om den kunne vore berga.

Onsdag legg dei fram granskinga på ein digital pressekonferanse.

– Det er fleire viktige funn i rapporten. Vi kjem også med fleire tryggleiksråd, seier direktør William Bertheussen i Statens havarikommisjon.

Dei vil med andre ord foreslå fleire tiltak for å betre tryggleik, både for Sjøforsvaret og norsk sjøfart generelt.

Statens havarikommisjon leverer del to av rapporten om skipskollisjonen i Hjeltefjorden i 2018.

Statens havarikommisjon leverer del to av rapporten om skipskollisjonen i Hjeltefjorden i 2018.

Over 1200 sider

Rapporten er av dei meir omfattande Havarikommisjonen har gjort og tar for seg det som skjer frå sekundet kollisjonen skjedde og fram til fregatten var tapt.

Hovuddelen er på rundt 200 sider, medan vedlegga er på over 1000 sider.

– Det har vore ei krevjande og omstendeleg undersøking. Fregatten er svært avansert og det har teke tid å forstå korleis den fungerer, både teknisk og organisatorisk, seier Bertheussen.

Han legg til at det er gjennomført viktige testar av fregatten, samt at Havarikommisjonen har sett nærare på ulike system for leiing og styring i forsvarssektoren.

Nøyaktig klokka 04.01.15 8.november 2018, kolliderte fregatten KNM «Helge Ingstad» med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden.

SJÅ KOLLISJONEN: Animasjon og overvakingsbilete av kollisjonen i Hjeltefjorden i november 2018.

Kunne fregatten vore redda?

Bileta av dei fire slepebåtane som dyttar det norske krigsskipet vidare opp i fjøresteinane, har brent seg fast i minnet til mange.

I august startar arbeidet med å hogge opp havaristen.

Men, kunne skipet vore berga? Gjorde besetningen på fregatten dei riktige vurderingane i dei hektiske minutta etter kollisjonen?

– Vi får vente til framlegginga før vi snakkar om detaljane. Vårt mandat, er ikkje å fordele skuld eller ansvar, men bidra til læring, slik at tilsvarande ikkje kan skje igjen, seier Bertheussen.

Førebudd på kritikk

SJÅ VIDEO: Forsvaret bestemte seg for å tvinge fregatten på land, i frykt for at den skulle skli av og gå til botns.

I si eiga gransking av ulukka, innrømmer Forsvaret fleire feil.

Kollisjonen førte mellom anna til at fleire kablar i fregatten vart kutta av. Mannskapet på brua mista kontrollen på både framdrift og styring av skipet.

Men Forsvaret har avdekka at kontrollen av maskineriet delvis vart oppretta etter ein periode og at det var mogleg å styre rora på skipet

Dette fekk aldri brumannskapet med seg. Den siste rapporten frå Havarikommisjonen er venta å innehalde ny kritikk av mannskapet.

Dei er dei førebudd på.

– Vi forventar at det som kjem fram er saker vi er kjent med, og som vi har jobba med over lang tid for å utbetre, seier sjef i Sjøforsvaret, Rune Andersen.

Sjøforsvaret holder pressekonferanse om rapport om Ingstad-kollisjonen

FØREBUDD: Sjef i Sjøforsvaret, Rune Andersen (til venstre). Her saman med Nils Andreas Stensønes, som var sjøforsvarssjef på ulukkestidspunktet.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Gradert informasjon

Han har tidlegare i vinter åtvara mot «etterpåklokskap».

– Besetninga hadde ti minutt på seg. Rapporten er skriven over to år. På eit tørt kontor, sa Andersen til Aftenposten.

Til NRK utdjupar han at det ikkje var kritikk, men at det er viktig for han å få fram kor vanskeleg situasjonen på brua var etter kollisjonen.

– Det var store øydeleggingar i fartøyet. Det var mørkt, personell var sakna og det lukta drivstoff. Det er sjølvsagt viktig å gå gjennom hendinga i ettertid, for å sjå korleis både utstyr og prosedyrar kan forbetrast, seier Andersen.

Havarikommisjonen seier til NRK at det har vore mykje gradert materiale å gå gjennom i forbindelse med granskinga.

– Forsvaret har vore hjelpsame med å avgradere dette undervegs i arbeidet. Det gjer at vi kan legge fram ein heilskapleg rapport, seier Bertheussen.

Fregatt festet med vaiere

FORSØKT BERGA: Slik såg det ut etter fregatten var festa til land der den gjekk på grunn. Natten etter rauk vaierane og skipet forsvann under vatnet.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Straffansvar og skuldfordeling

Med denne rapporten er Havarikommisjonens arbeid med ulukka ferdig.

Men etterspelet etter ulukka er langt frå over. Éi straffesak og to søksmål står att:

  • Statsadvokaten leverte nyleg straffesaka over til Riksadvokaten for påtaleavgjerd. Fire personar har hatt status som mistenkte etter kollisjonen; losen og kapteinen på «Sola TS», vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» og operatøren på Fedje sjøtrafikksentral.
  • I september møter Forsvarsdepartementet og DNV GL i Oslo tingrett. Staten har saksøkt klasseselskapet for 15 milliardar kroner.
  • Forsvarsdepartementet og reiarlaget Twitt Navigation har saksøkt kvarandre. Skuldfordelinga skal behandlast i Bergen tingrett frå februar 2022.
Jostein Kjernaas og Anita Eide

Jostein og Anita opplevde dramaet på fregatten: – Som terapi å være tilbake

Jostein Kjernaas fikk strøm i seg da han reddet en kollega ut av en lugar.

Les saken

Matros Pål André Gustavson (22) forteller om dramaet på KNM Helge Ingstad

Pål André klatra i sikkerheit, dynka i drivstoff: – Ekstremt fokus på å overleva

Pål André Gustavson kjempa for livet då marinens fremste krigsvåpen kolliderte i Hjeltefjorden. – Eg er ferdig med «Helge Ingstad».

Les saken

Her kolliderer Sola TS og Helge Ingstad

Derfor kolliderte fregatten med tankskipet

En rekke forhold medvirket til kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS», ifølge Havarikommisjonen. Blant annet peker kommisjonen på opplæringen av brobesetning på fregatten.

Les saken

Helge Ingstad på vei til siste stopp

Fregatten «Helge Ingstad» har nådd sin siste destinasjon

Fregatten «Helge Ingstad» har hatt si aller siste reise. Ferda gjekk over den same fjorden der fregatten kolliderte med eit tankskip.

Les saken