Det melder TV 2 fredag.
Til mediehuset seier politiadvokat Jørgen Henriksen at den tredje sikta i saka vart pågripen på Island og blir frakta til Bergen fredag.
– Vi er veldig nøgde, seier Henriksen, som bekreftar pågripinga ovanfor NRK.
Mannen har vore internasjonalt etterlyst sidan desember 2020. Pågripinga på Island skjedde i påsken.
– Han er sikta for dei to overfalla mot Osen og Slengesol. Mannen blir overlevert til Noreg i dag og blir framstilt for fengsling førstkomande måndag, seier Henriksen til NRK.
NØGD: Politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt.
Foto: Therese Pisani / NRKBrutalt overfallen
Det var i desember 2015 at Reidar Osen vart brutalt overfallen i Bergen sentrum. Først i 2019 såg politiet saka i samanheng med bortføringa av Petter Slengesol same år.
På veg frå galleriet hans, Galleri Nygaten i Bergen sentrum, vart Osen brutalt overfallen idet han sette seg inn i bilen.
Han vart lagt i lasterommet, der han vart banka opp og fekk ein pistol i munnen slik at kjeven blei brekt. Deretter vart han køyrd til Haugsdalen i Os sør for Bergen, der gjerningsmennene hadde førebudd ei grav til han.
Saka har tatt fleire dramatiske vendingar dei siste månadane.
Rettssaka mot to polske menn var i november 2020 eigentleg over, men i desember kom det nye bevis i saka. DNA-funn på buksa til Reidar Osen knytte broren til ein av dei tiltalte mennene til ugjerninga.
- HØYR PODKASTEN OM OSEN-SAKA: BORTFØRT I BERGEN
BUKSE: DNA-bevis frå buksa til Reidar Osen kan gi saka endå ein ny runde i retten.
Foto: PolitietOsen: – Det er fantastisk
Reidar Osen fekk beskjeden om den nye pågripinga fredag ettermiddag.
– Eg veit ikkje kva bein eg skal stå på. Det er fantastisk. Dette var ei sak politiet ville legge bort etter fem månader. Det har vore ein lang veg, men eg er ikkje typen som gjer meg, seier Osen til NRK.
– Han skulle vore henta inn for mange år sidan. Spesielt i fjor, då broren blei tiltalt, var han her like mykje mistenkt, legg han til.
SKADER: Osen fekk fleire brotskader, mellom anna i brystet og i kjeven.
Foto: PrivatNy rettssak i haust
Mannen som no er pågripen, var tidlegare sikta i saka, men politiet valde å ikkje ta ut tiltale mot han då dei meinte bevisa ikkje strakk til.
Dei nye DNA-funna snudde opp ned på denne situasjonen.
Rettssaka i haust enda med at ein polsk 37-åring vart dømd for ran av både Slengesol og Osen, medan den andre polske mannen (32) vart frikjend.
Det er broren til den frikjende som no er arrestert.
Påtalemakta har anka frifinninga av den 32 år gamle mannen, og saka skal opp i lagmannsretten til hausten.