Regnet fall tett på Vestlandet i natt, og tettast fall det i Takle i Gulen. Novemberrekorden for eit heilt døgn i Takle er på over 150 millimeter, og 109 millimeter på 12 timar er svært høgt.
I Førde fall det 58,3 millimeter, medan Stryn fekk 39,3 millimeter dei siste 12 timane.
Ny pers
Ifølgje klimaavdelinga til meteorologisk institutt så har det aldri falle så mykje nedbør på 12 timar i november i Takle tidlegare. Det høgaste talet dei har notert tidlegare var 89,5 millimeter frå november 1998.
Nedbørsrekorden for eit døgn i Noreg tilhøyrer indre Matre med 229,6 millimeter. Også det vart målt i ein novembermånad.
Vegar stengde
Fylkesvegen mellom Austgulen og Takle, gjennom Takledalen, er stengd på grunn av flaum, og vert ikkje opna att onsdag. Også vegen mellom Brekke og Ynnesdal var stengd onsdag. Her var det eit ras som stengde vegen, som no er open att.
Magne Instefjord i Gulen kommune opplyser at dei har skader på fleire vegar.
- Det er snakk om stikkvegar utfrå E39 i indre delar av kommunen. Der er grusdekket så øydelagt at det ikkje er mogeleg å bruke dei, seier han.
Ei elv var i morgontimane i ferd med å gå over ein veg mellom Reed og Årdal i Gloppen. Det vart sendt ut mannskap for å sikre at den ikkje gjekk over vegen.
På veg austover
- Regnveret er i ferd med gje seg, men det går smått, seier statsmeteorolog Ingmar Vikane.
Han fortel at nedbøren nord i Sogn og Fjordane har minka ganske kraftig.
- Fronten går sakt aust/søraustover. Det betyr at nedbøren er på veg innover i landet, men eg trur ikkje at dei får dei store mengdene med regn, seier han.